Meny
Bli medlem
RV 13 kan ikkje stå på pause lengre.

RV 13 kan ikkje stå på pause lengre.

Riksveg 13 er sjølve livsnerva gjennom Ryfylke. Ein effektiv og trygg veg er avgjerande for både verdiskaping og busetnad i regionen. I åtte år har Høgre saman med FrP, V og KrF hatt sin sjanse. For Ryfylke og riksveg 13 enda det opp med karakteren «soleklar stryk.»

Publisert: 20.07.2021 #Rogaland

Av Geir Pollestad, Stortingsrepresentant og 1. kandidat Rogaland Senterparti.

Under førre regjering fekk riksveg 13 mykje merksemd og var ein viktig veg. Ikkje minst gjorde Senterpartiet og Magnhild Meltveit Kleppa ein stor jobb for å få på plass nye prosjekt. Ryfast og Svotunellen er konkrete døme. I tillegg stoppa me Staten Vegvesen sitt framlegg om å gjera Riksveg 13 om til fylkesveg.

Før valet i 2013 gjorde me vedtak om ein å lage ein samla plan for å fylja opp Riksveg 13 vidare. Målet var å få til ei systematisk tenking og heilskapleg utvikling av vegen for å gje full nytte av Ryfast i heile Ryfylke. Me gjorde ei viktig presisering: Dette skulle ikkje forseinke arbeidet med lang Årdalstunnel.

Så kom valet i 2013 og me fekk tidens mest sentraliserande regjering. Den heilskaplege planen vart vraka. Årdalstunnelen og resten av Riksveg 13 vart lagt i ei skuff. Lokale Høgrefolk las opp bodskapen dei hadde fått frå hovudstaden om at dette var ei satsing på Riksveg 13. No etter åtte år med Solbergregjering og stillstand på alle prosjekt så ser me at dette berre var tomme lovnader.

Dette vert jo godt understreke då regjeringa i samband med presentasjon av «nasjonal transportplan» sendte to statsrådar og ein stortingskandidat for å lekke nyhenda om rassikring ved Rødsliane i Suldal. Men kva var det eigentleg dei presenterte? Då planen vart lagt fram såg me tydeleg at prosjektet ikkje er fullfinansiert dei neste 6 åra. Når ein fekk lese det med lita skrift så var konklusjonen at prosjektet ikkje er særleg høgt prioritert. Regjeringa har ingen ambisjonar og ingen konkrete planar for Riksveg 13 gjennom Ryfylke.

Det er difor det er så viktig å få ei regjering som ser heile Noreg. Noreg treng ei regjering som forstår kor viktig det er å bygge effektive og trygge vegar og i distrikta.