Meny
2021 Barn på vei til skolen

Skuleklar elev, eller elevklar skule?

Lisa Marie Ness Klungland, Senterpartiets 2. kandidat til Stortinget og Hanne Marte Vatnaland, fylkespolitikar for Senterpartiet, Rogaland

Over heile landet er 5- og 6-åringar inne i sine første skuledagar. Dei skuledagane har ikkje blitt som lova når skulestarten vart flytta ned eit år.

Det skulle være ein mjuk overgang til skolebenken eit år seinare. Førsteklasse skulle være ein stad med små elevgrupper og store lærarressursar. Pedagogikken skulle ligge nærare barnehagen enn skulen. Slik vart det ikke, og prisen er det elevane som betaler. Medan Høgre sin “kunnskapsskule” strider mot all kunnskap, vil Senterpartiet gje elevane tilbake leik og utforskning på born sine premisser; for slik lærer born best.

Reform 97

Det er over 20 år sidan alderen for skulestart vart senka frå sju til seks år. Skulekvardagen det første skuleåret skulle være prega av læring med utgangspunkt i leik, både i og utanfor klasserommet. Med Kunnskapsløftet og PISA-sjokket vart dei gode intensjonane gløymde og måtte vike for leseopplæring og innføring av læringsmål – også for dei yngste elevane.

Margret Hagerup og Lars Arne Ueland frå Høgre skriv i eit lesarinnlegg at “Nå vil vi innføre en forsterket plikt til oppfølging og intensiv opplæring i lesing, skriving og regning i 1.-4. klasse”. Då ser dei som jobber med born kva som ligg mellom linjene; meir av det som skaper dei utfordringane vi ser i skulen i dag.

Kvifor leik er viktig

Nokre meiner framleis at leik stort sett er tull og tøys – noko for friminuttene, men ikkje for klasserommet. Men det er gjennom leik born lærer best. Gjennom leik utvikler dei begrep og språk, motorikk, samarbeidsevner og fantasi. I leik må ein koble fleire ferdigheiter på ein gong. I leik må ein diskutere og argumenterer for kven som kom først, finn uttrykk for kva som er lov, og blir samde for kva som er rettferdig.

Difor må born også få leike i skulen og bruke heile kroppen, med utgangspunkt i si verd.

Ikkje utan konsekvensar

Utfasing av barnehagepedagogikken, auka læringstrykk og mindre tid til fri leik for dei yngste elevane skaper utfordringar. Seksårsreformen har hatt liten effekt på elevane sitt læringsutbytte. Samstundes peiker signalene frå lærarar og andre fagpersonar at tidlegare skulestart og målstyringen av skulen skjer på bekostning av særleg dei yngste elevane. Vi ser at ein del elevar, og spesielt gutar, har utfordringar med å passe inn i ein stram skuledag med mykje stillesitting, høgt læringstrykk og krav om eigenvurdering

Vi ser kor det går galt gong på gong. Fem- og seksåringane kjem inn i første klasse som små verdsmeistarar, men så skjer det noko på vegen. Elevundersøkinga viser at motivasjonen til elevane er dalande allereie frå 5.trinn og til dei er ferdige i 10. trinn. Professorar og psykiatarar har slått alarm om at skulen gjer mange born utmatta og kan gje dei psykiske vansker. Tal frå Reseptregisteret viser at antall born mellom fire og ni år som vert medisinert for ADHD i Noreg, er dobla sidan 2004. Samstundes har forskarar funne ut at mykje uteleik i barnehagen verker som ei vaksine mot konsentrasjonsproblemer og ADHD i skulen.

Spørsmålet har blitt korleis skulestartarane kan bli meir “skuleklar”, og svaret er å peike nedover i barnehagen, altså at skulen skal trenge seg inn i barnehagen. Dette meiner Senterpartiet vil være eit svik mot borna. I staden må det leggast til rette slik at skulen kan ivareta behova til dei yngste elevane på ein betre måte.

Læraren versus systemet

Heldigvis møter elevane dyktige og omsorgsfulle lærarar som gjer det dei kan innanfor dagens rammer for at borna skal ha det godt på skulen. Men dei blir pressa ovanfrå og må svare til forventningar om at borna bør kunne lese innan jul. For dei skal tross alt skåre bra på leseprøven til påske.

Samstundes sluttar mange lærarar fordi dei opplever at skulen er for mål- og resultatstyrt, og heile 50 prosent av lærarane oppgir at dei har søkt eller har vurdert å søke jobb ein annan stad enn i skulen i løpet av dei to siste åra.

Lærarane treng meir tid og tillit til å gjere den jobben som samfunnsmandatet deira er. Kvar elev er ulik, og då treng læraren å bruke tid på at dei treng ulike ting.

Senterpartiet vil betre overgangen mellom barnehage og skule, og redusere mål- og resultatstyring i skulen. Vi vil ha større lærertettleik særleg i barneskulen, og då trengs ei storstilt satsing for å auke rekrutteringa. Sist men ikkje minst er ikkje meir leik i skulen det same som å senke faglege ambisjonar for elevane, men heller å anerkjenne grunnlaget for born si utvikling. Fordi det er ikkje borna som skal klargjerast for skulen. Det må være skulen som gjerast klar til å ta imot elevane.

 

Leserinnlegg publisert;
GJesdalbuen 28.august 2021
Stavanger Aftenblad 28.august 2021