Meny
friluftsliv-36412095212_c2c911b557_o kopi

Sp har verken tenkt å spele vekk klima eller natur

Lisa Marie Ness Klungland Andrekandidat, Rogaland Senterparti Anita Husøy Riskedal Varaordførar i Hjelmeland, Sp

Sjølv om MDG prøver å få det til å framstå slik, så er det ikkje ordningar rundt CO₂-avgifta som er avgjerande for om vi når Parisavtalen eller ikkje.

Vi har jobba grundig og lenge for å få på plass eit program som forsøker å ta tak i dei reelle problema og dei gode løysingane.

Men, for at du som veljar ikkje skal vere det minste i tvil; her er nokre av alle dei gode miljøtiltaka Senterpartiet vil jobbe for dei komande fire åra:

  • Vi meiner at Parisavtalen er den viktigaste internasjonale avtalen verda har fått på plass i klimaarbeidet, og den skal ligge grunnstøtt i klimaarbeidet vårt framover.
  • Vi meiner at Noreg sine klimaambisjonar må aukast.
  • Vi vil vere ein aktiv støttespelar for internasjonale klimainitiativ i FN-regi.
  • Vi vil arbeide strategisk for å få på plass fleire grøne arbeidsplassar dei komande åra.
  • Vi vil bidra til at alle nye personbilar som vert selde i 2025 skal vere nullutsleppsbilar.
  • Vi ønsker ei storstilt satsing på bioenergi.
  • Vi vil jobbe for å legge om til utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar.
  • Vi vil ha på plass fleire ladestasjonar både til lands og til havs for å gjere det enklare å velje utsleppsfritt både for bilistar og sjøfolk.
  • Vi ønsker klimatoll på import av (langreist) kjøt.
  • Vi vil finansiere meir forsking sånn at vi saman med den norske bonden finn løysingar for meir klimasmart produksjon av mat.
  • Vi vil etablere eit program for godt klimaskogbruk og få auka CO₂-opptaket i skog ved hjelp av meir nyplanting og betre forvaltning av skogen vi har.
  • Vi vil styrke Enova.
  • Vi vil stille krav om at miljø og klima skal vektast minst 30 prosent i offentlege innkjøp.
  • Vi vil jobbe for å få rehabilitert og fornye eksisterande kraftverk ved hjelp av grunnrenteskattelegginga.
  • Vi vil sikre at kommunane har siste ordet når det gjeld nye konsesjonar om vindkraft på land.
  • Vi vil auke støtta til installasjon av solcelleanlegg.
  • Vi vil sikre opprusting av straumnettet slik at vi er budd på auka bruk av elkraft, og sørge for at mest mogleg av den grøne krafta vi produserer, skal sørge for nye arbeidsplassar lokalt.
  • Vi vil legge til rette for meir industri knytt til gjenbruk, reparasjon og gjenvinning av ressursar, og ikkje minst – vi vil sikre oss at tiltak vert prioritert etter kor effektive dei er, eller kor stort potensiale dei har for å skalerast opp.

Tanken vår er at klimatiltak må ha effekt og gi meining. Difor er vi opptatt av konkrete og gjennomførebare tiltak i vårt program, for skal klimapolitikken få brei oppslutning og legitimitet, må heile befolkninga ta del i omstillinga og vere trygg på at dette går rett veg.

Dette feltet er for viktig til at vi skal kaste vekk tida på symbolpolitikk.

Godt, grønt val!

 

Publisert Stavanger Aftenblad 8.september 2021