Meny
lisajuni

Sp vil styrke politiet i heile Rogaland

Høgre sin justispolitiske talsperson Peter C. Frølich skriv i RA 8. juni at Senterpartiet sin ambisjon om å styrke lokalt politi i heile Noreg er valflesk. Då kan ein kanskje minne om at Høgre i 2015 saman med Framstegspartiet, Venstre, KrF og Ap stemte for ein såkalla «nærpolitireform». Denne reforma skulle sikre eit «operativt, synleg og tilgjengeleg nærpoliti». I mai kom evalueringsrapporten som viste at målet om eit synleg og tilstedeverande politi ikkje er nådd. 

Av Lisa Marie Ness Klungland, andrekandidat for Senterpartiet i Rogaland

Så då veit me det. I Rogaland har me heldigvis ein klok politimeister med røter frå Suldal. Han veit kor viktig lokalt politi er. Diverre har han ikkje fått pengane som trengst for å kunne utføre dei polititenestene me treng i vårt fylke.

Heldigvis har me fem geografiske driftseiningar i vårt politidistrikt. Det betyr at me har lokal  leiing på Stord, Etne/Vindafjord, Haugesund, Stavanger og Jæren. Sør-Vest politidistrikt har mykje bra tilsette både nord og sør for Boknafjorden. Diverre har politidistriktet sitt økonomiske handlingsrom blitt redusert på grunn av  nærpolitireforma. Dette syner mellom anna områdegjennomgongen av politi- og lensmannsetaten som blei publisert i vinter. 

Før lensmann Egil Netland i Sirdal gjekk av med pensjon i vinter sa han til Dalane Tidende: «For Sirdal og de små kontorene må vi innse at det ikke har blitt bedre. Det har blitt en sterk reduksjon og beredskapen for de som bor i bygda her har blitt betydelig svekket (...) De siste  årene har jeg stort sett vært alene som politi. (...) Folk og spesielt eldre er ikke trygge når det blir slik som nå.» 

Dette er tilbakemeldingar me i Senterpartiet tek på alvor. Me kan ikkje ha det slik at lokalsamfunn i politidistriktet vårt får dårlegare polititenester. Politiet i Noreg har hatt eit mål om to politifolk per 1000  innbyggjarar. I Sør-Vest politidistrikt er talet på 1,59. Vårt  område er med det eit av dei tynnast bemanna politidistrikta i landet.

Senterpartiet vil ha fleire politifolk i heile Noreg. Då må me tilsette fleire i heile Rogaland. Sør-Vest politidistrikt har gjort mykje  godt dei siste åra, mellom anna når det gjeld Operasjon SpiderWeb som har avdekka ein rekke overgrep mot barn i vårt distrikt. Den kompetansen, erfaring og kunnskap som Sør-Vest har på dette feltet vil me i Senterpartiet byggja vidare på.

Me i Senterpartiet er glad for at Sør-Vest politidistrikt er eit av dei få distrikta som har klart  å ta eit miljø knytt til organisert kriminalitet. Diverre har «nærpolitireforma» ført til at fagmiljøa i dei geografiske driftseningane har forvitra, for å bruka Statsadvokaten sine ord frå inspeksjonsrapporten som blei publisert den 30. april.

Senterpartiet vil ha eit politi for heile Noreg. For å få til det vil me mellom anna leggje ned Politidirektoratet som i 2020 kosta drygt 950 millionar kroner. Desse pengane vil me sende til politidistrikta slik at dei kan tilsette fleire politifolk, dataekspertar og juristar i heile Noreg. Det er ikkje valflesk. Det er å prioritere lokalt politi i staden for sentralt byråkrati.