Meny
IMG_3224

Våre viktigaste saker

I Senterpartiet kjempar me for interessene til Rogaland. Me er på barrikadane, anten det gjeld lokalisering av statlege arbeidsplassar hit, utdanning av våre eigne legar, utbetring av viktige vegar eller utjamning av skilnader mellom folk. Senterpartiet sine representantar skal vera best på Rogaland.

Stopp sentraliseringa
I åtte år har regjeringa Solberg sentralisert Noreg. Politi, skattekontor og post er berre somme av tilboda som har forsvunne mange stader. Me vil difor ha ein kraftfull politikk for å sikra gode lokalmiljø i heile landet

Helsetenester nært folk
Folk treng helsetenester der dei bur. Lege, legevakt, tannlege, eldreomsorg og ambulanse er tilbod som gjev tryggleik. Me vil ha legeutdanning i Rogaland som skal bidra til eit betre helsetilbod i heile fylket.

Skule der du bur
Ein desentralisert skulestruktur gjev moglegheit for læring der du bur. Me ynskjer ein meir mangfaldig skule, tilpassa den enkelte elev. Me vil ha ein meir praktisk skule og ein skule som gjev tilpassa opplæring til dei som treng det. Me vil ha utdanningstilbod på alle nivå nær folk. Me ynskjer gratis skulemat for born og unge.

Nei til kommunesamanslåing
Færre kommunar er enno høgt på ynskelista til regjeringa. Me seier klårt nei til å slå saman kommunar gjennom tvang og mot folkeviljen.

Naturressursane må gje lokal verdiskaping
Me ynskjer ein målretta politikk for ulike næringar til dømes knyta til fisk, skog, jordbruk, mineral og petroleum. Me meiner rimeleg straum framleis skal vera ein fordel for næringslivet og folk i Noreg. I dag har fleire kraftkommunar i Rogaland manglande tilgang på kraft, fordi dei ikkje har linjer med god nok kapasitet. Det bremsar verdiskapinga.

Ja til lokal matproduksjon
Me vil ha norsk mat på norske bord. Me kjempar alltid for jordbruket og bonden. Rogaland skal vera det fremste matfylket i landet. Skal me få til det, må me ta vare på matjorda vår, og me må satsa meir på kunnskap, produksjon og bearbeiding av mat. Me vil tette inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper.

Nei til auka avgifter
Avgifter rammar sosialt skeivt, og dei vert ein større byrde jo lågare inntekt folk har. Det svekkjer livskvaliteten til folk som allereie har utfordringar. Vårt mål er å redusera avgiftene.

Satsing på samferdsel i heile Rogaland
Gode vegar er livsnerven i regionen. Me vil satsa meir på riks- og europavegane. Rv13 må utviklast og gjerast tryggare, og E39 og E134 må byggjast ut for å gje ein effektiv og berekraftig kommunikasjon. Fylket må få nok pengar til å kunna oppgradera og rassikra fylkesvegane, og jernbanen og kollektiv må verta prioritert som ein miljøvenleg transportform.

Kamp mot aukande skilnader og barnefattigdom
Det er enno born i familiar kring oss som lev i fattigdom. Det er uverdig og skapar utanføreskap. Arbeid for alle, og gode sosiale ordningar er viktige tiltak for betre liv. Like moglegheiter for alle er den beste vegen ut av fattigdom. Me vil difor stå på for ein god offentleg skule, gode bustadsosiale verkemiddel, ein stabil arbeidsmarknad, trygge nærmiljø og eit levande frivilligliv der folk bur.

Tryggleik for alle
Den viktigaste oppgåva til staten er å sikra folk tryggleik. Me vil satsa meir på forsvar, politi, redningsteneste, og anna beredskap. Å styrkja beredskapen på matvarer og medisinar er viktige satsingsområde.

Meir informasjon? Den finn du her!