Meny

Skal husdyrnæringa på Jæren strupast av nye restriksjonar?

Anders Braut Ueland og Svein Høyland

Noregs største husdyrkommune, Hå, har i dag 16.000 kyr. Dersom det mest omfattande forslaget går gjennom, tilsvarer det ein reduksjon til 6000 kyr for å nå krava. Det trengs ei mobilisering, og dei folkevalde på rogalandsbenken må alle engasjera seg, om ikkje kan ei viktig næring strupast.

Kort fortalt handlar forslaget om ny gjødselforskrift om at husdyrgjødsla må spreiast på eit større areal. Tanken er at miljøskadane er for store slik det er nå, og at ein derfor må ha større areal for kvart husdyr. For å vera konkret: Ein bonde på Jæren som i dag har areal for å spreia gjødsla for 45 kyr, vil med denne forskrifta ikkje ha areal for meir enn 30 kyr. Det er dramatiske tal me snakkar om for landbruksnæringa på Jæren.

For å kunna ta ut det ein jærsk bonde vil kalla gode avlingar, treng ein i mange tilfelle meir fosfor, ikkje mindre.
Fosfor
Dette handlar om mange ting. Ein er å tilføra jorda næring. Alle bønder har krav på seg til å utforma ein gjødselplan. Den er basert på jordprøvar som viser nivåa på dei ulike næringsstoffa i jorda. Når ein veit dette, kan ein laga ein gjødselplan for å utnytta gjødsla for å skapa gode vekstvilkår.

For eksempel er kravet til maksimalt fosforbruk 3,5 kilo fosfor per dekar. Då står det i stil med avlinga som vert teken ut. Om ein reduserer fosforbruket, vil avlinga gå ned. Per nå viser det seg at fosforinnhaldet i jorda på Jæren er forholdsvis høgt, men innanfor det som er akseptabelt. Tiltak som alt er sette i verk, er i ferd med å gje gode resultat, men dette tek tid (jf. Norsk landbruksrådgiving i Bondevennen 13.4.18). Altså kan ein seia at dei nye krava som ligg i forskrifta, er svært dårleg fagleg begrunna. Avlingsnivå for gras måler ein i fôr-einingar per dekar. Forsøk i regi av Norsk Landbruksrådgivning og Yara, utført i 2016, viser at for å kunna ta ut det ein jærsk bonde vil kalla gode avlingar, treng ein i mange tilfelle meir fosfor, ikkje mindre.

Byråkrati
Det eine høyringsforslaget vil redusera fosforbruken til 2,1 kilo. Når byråkratane får spørsmål rundt dette, forsøker dei å ufarleggjera forskrifta med å visa til at det skal vera råd å få til dispensasjonar. Altså at kvar eining må søka om fritak. Med andre ord, utrygge vilkår og meir byråkrati.