Kjære Olaug Bollestad, ikkje gå for søndagsåpne butikkar.
Innlegg frå lokallagsleder i Lund Sp.
Forslaget om å åpna opp for søndagsåpne butikkar, har vore oppe i stortinget ved fleire anledningar og blitt nedstemt med hjelp av Krf og opposisjonen.
Forslaget om å åpna opp for søndagsåpne butikkar, har vore oppe i stortinget ved fleire anledningar og blitt nedstemt med hjelp av Krf og opposisjonen.
Nå er Krf inne i varmen med regjeringspartia og dei er for søndagsåpne butikkar. Dette gjer meg ei føling av at dette blir eit tema, når desse partia skal finna ein regjeringsplattform i saman. Krf vil nok stå på mange av deiras kjernesaker, men må nok gje tapt på nokre av dei.
Pelsdyrsaka er også ei sak som vippar med kva Krf skal landa på. Der er det mulig å endra vedtaket, dersom Krf vil.
Men tilbake til søndagsåpne butikkar. Det er begrensa kva ein forbrukar kan ta inn av matvarer. Ein kan ikkje bli meir enn mett. Derfor vil ikkje dette tiltaket auka salget, men kjedane vil få ei auka utgift i form av ein dag ekstra å fordela sine kostnader det inneber å halda opp ein dag ekstra. Denne kostnaden må forbrukar ta eller at den også mulig blir dytta på dei som leverer varene inn til kjedane.
Dersom ein innfører søndagsåpne butikkar, vil butikkane i utkantane også måtte henga med og det vil slå hardt utover driftskostnadane for butikkar med liten omsetning og i verste fall kan medføra nedlegging. Med andre ord er dette ingen god sak, sjølv om nokon vil sei at vi må ha valgfridom å velga når vi vil gjera våre innkjøp. Alt har sin kostnad.
Det dreie seg om heller å organisera dagleglivet slik at ein har nok av det ein treng. Enkelt og greitt.
Tilbake til Krf og regjeringsforhandlingane. Olaug Bollestad, du må ikkje ofra denne saka for at du skal få ein statsrådplass. Det vil vera eit knefall du vil måtte huska i lange tider.