Meny

Det handler om distriktspolitikk!

Ivar Johannes Handeland

I dagens skuledebatt vil eg seie at betydningen av å opprettholde antall søkarar og linjer på Sauda vidaregåande skule er den viktigaste skuledebatten me må ta. 

Denne distriktsskulen som fylket driver i Sauda er kjempeviktig for oss som lokalsamfunn og region. Næringslivet i regionen skriker etter fagfolk og treng sårt lærlingar. Det gjeld bla. Smelteverket, Norsk Stein, diverse entreprenørar  m.m. Viss ikkje næringslivet får tilgang til nok lærlingar, risikerer me at næringslivet må basere seg på innleid arbeidskraft. Ein arbeidsplass utan rekruttering er lite framtidsretta. Eit lokalsamfunn utan tilgang på ungdom med ny kompetanse er i alle fall lite framtidsretta.   

Derfor treng me ein skule i nærmiljøet som kan gi ungdom nødvendig kompetanse og lærlingestatus. Det ville vore ein stor katastrofe om den skulle bli nedlagt. Her må me som politikarar sette inn alle ressursar me har og utnytte dei kanalane me kan ta i bruk. 

I år er det rundt 30 elevar mindre på skulen enn i fjor. Det største fråfallet har me frå elevar i Suldal. Der viser tala at det berre er 25 % av 10.klassingene  som har søkt seg inn til Sauda, før låg det på ca 50 %. Dette er ein stor nedgang som me må ta på største alvor. Året da Sandsbrua åpna var søknadstalet oppe i heile 80 %. Omtrent 100% av elevane frå Erfjord og Jelsa søkte seg til Sauda. Men på grunn av dårlig tilpassa bussruter sank dette dramatisk tilbake. 

Infrastruktur med båt, buss og veg spelar ein viktig hovudrolle her.  Etter at ferja blei nedlagt, blei skulevegen  mykje lenger for ungdom på Sand og øvre Suldal. Men fordi Kolumbus etter kvart ga etter og tilbydde seg å «ferje» elevar over fjorden mellom Sand og Ropeid, blei dette eit godt alternativ for elevar i allmennfag. Utan dette tilbodet ville det vore ein katastrofe. Derfor kan me ikkje risikere å kutte meir.  Men for yrkesskole-elevar som ikkje er ferdige til å ta to-båten, blir vegen lang. Her korresponder ikkje båtrutene med buss tilfredsstillande.   

Det andre punktet er Svandalsfossen. Om den ikkje er stengt så veldig mange ganger i året, så har fossen gitt oss eit dårlig rykte. Det har vore utslagsgivande i negativ retning for elevar som har tenkt på å søke i Sauda. Derfor må dette løysast straks og ikkje fortsette å vere ein kasteball mellom ulike etatar i stat og fylket. Også lærarane er avhengige av gode båtruter og vegar. Mange av dei pendlar og reiser mellom jobb i Sauda og på Sand, pluss møter og kurs. Blir reisevegen for dårlig, mister me kanskje søkarar der også. Dette viser at infrastrukturen vår er veldig sårbar og uhyre viktig. Ein trygg bilveg og god kollektivtransport med båt og buss er heilt avgjørande for å oppretthalde Sauda VGS.  

Det er i tillegg dyrt å drive distriktsskule: Utgifter til drift av hyblar med blant anna vakthold samt mykje reising på møter og kurs til byen.  Alt dette er utgifter dei i byen slepp å tenke på. 

Sauda VGS har ei transportlinje med 3 klassar i år:  48 elevar i dag og 20-30 til våren. Viss Vegvesenet legg ned kontoret i Sauda, må elevar som skal køyre opp reise til Bergen/Stavanger for oppkøyring.  Ein tur til Bergen med vogntog og mannskap vil koste ca 30.000. Dette er også pengar som går direkte av drifta til skulen. Ei nedlegging av Vegvesen-kontoret kan i verste fall føre til nedlegging av transportlinja. I dag er det 10 arbeidsplassar på transportlinja. 

Derfor er kampen for å oppretthalde og auke statlege overføringar til kollektivtransport i distrikta uhyre viktig. Me treng derfor både lokal-, fylkes- og Stortings-politikarar som tar distriktsutfordringane på alvor.  

Stem Senterpartiet!