Meny
Bli medlem

Einigheit om budsjettet i Sauda.

Sist endret: 27.09.2020 #Sauda

Senterpartiet og KrF er svært tilfredse med at me kan legga fram eit omforent budsjett i lag med Ap, SV og H for 2019. Eit felles budsjettvedtak gir retning og tryggleik for ein kommune i omstilling.

Me er glade for at partia er einige om satsingar som:

-Auka ramme for Oppvekst og Kultur samanlikna med rådmannens framlegg.

-Nytt uteområde i Rustå barnehage

-Styrka ungdomstilbod på Folkets Hus

-Reduksjonen formannskapet la inn på Helse og Omsorg er minimert til 350 000.

-Nye gatelys i Hellandsbygd.

-Ekstra fokus på medarbeidarar og styringskort.

-Kommunen støttar Saudadagane tilsvarande Sauda Sentrumsutvikling i 2019

-Auka støtte til Ryfylkemuseet

 

I tillegg er partia einige i satsingane rådmannen la opp til:

-Stort løft på næringsutvikling

-Styrking av arbeidet med vegutløysing mot E134

-Meir institusjonsbasert eldreomsorg.

-Arbeid med heiltidskultur

-Digitalisering i heile kommunen

-Satsing på tidleg innsats, førebygging og folkehelse

 

 

Budsjettet blir vedtatt i kommunestyremøtet onsdag 12. desember.

Forslag til budsjett finner du her: Budsjett forslag

Denne artikkelen ble først publisert 11.12.2018

Relaterte personer