Gå til hovedinnhold

Nyttårstalen i Sauda: Kjære kyrkjelyd; Godt nytt år!

Her kan du lese ordfører i Sauda, Asbjørn Birkeland (SP) sin nyttårstale. 

Det har vore utfordringar i 2017, Sauda har igjen opplevd fall i folketalet etter ei tid med stabile tal. Siste teljing viste ein nedgang på 90 personar i løpet av dei 3 første kvartala i 2017. Dette er ikkje kjekt, og det er nok eit resultat av eit større bilde som viser at talet på arbeidsplassar, eller sysselsette, har minka kraftig dei siste åra. I 2010 var det nærmare 250 fleire arbeidsplassar i Sauda enn i inngangen til 2017. Dette viser er at det viktigaste arbeidet me har framfor oss er næringsutvikling og tilrettelegging for nye arbeidsplassar.


Veret blir villare og våtare. Klimautfordringane merkar me også lokalt. Dette påverkar reiselivet og skisenteret spesielt. Nedbør som før i tida kom som snø, kjem nå som regn. Det er krevjande å halda løypene fine når veret skiftar mellom mildt og kaldt.


Ei anna utfordring Sauda har fått kjenna meir og meir på grunna veret er Svandalsfossen. Mykje vatn gjer at ferdsel gjennom fossen blir avgrensa. På tampen av året hadde me 3 gonger med stengt veg inn og ut av Sauda. Det har ikkje vore stengt for utrykkingskøyretøy, men for folk og næringsliv er dette ein uhaldbar situasjon. Dette kan me ikkje leva med. Me forventar at Fylkeskommunen og Vegvesenet ordnar opp i dette nå og set i gong tiltak.


2017 var og eit år med mange positive hendingar. Sauda Fjordhotell opna igjen med nye eigarar. Og dei melder om ein god start, spesielt trekk dei fram den gode velkomsten dei har fått av Saudabuen. Me kunne lese i Ryfylke sitt Vekst-bilag om gjengen som mista jobbane sine hos Bartec-Technor, men har nå starta sitt eige firma, Northern Punching. Ei bedrift som sakte men sikkert ser ut til å bli ein god ny arbeidsplass. Dette viser stå på vilje og kløkt. Godt jobba!


Reiselivet fekk første skikkelege sommarsesong etter opninga av Allmannajuvet. Besøket i anlegget viste formidable tall og det var gledeleg å sjå at reiselivsbedrifter og sentrumsbutikkar meldte om auka omsetning i sommar. Det nye utebadeanlegget er nok og ein av årsakene til at enda fleire tek turen innom Sauda i sommarmånadane.

Noko eg personleg syns er ekstra kjekt er at arbeidet med sikring og restaurering av gruvestien starta i haust. Arbeidet er nå stoppa for vinteren, men startar igjen til våren. Målet er at guiding på gruvesti og inn i gruvene blir gjenopptatt i 2018 sesongen. Då får Sauda ein komplett attraksjon i Allmannajuvet, med oppleving og historie i fokus, heilt i tråd med internasjonale trendar for reiselivet.


Det siste kommunestyret gjer kvart år før me tek juleferie er å behandla budsjett for neste år og økonomiplan for dei kommande åra. Dette året fekk me ny rådmann, Rune Kloster Tvedt. Han starta i jobben 1. september og måtte dermed starta rett på budsjettarbeidet. Han fekk ingen lett jobb. Statlege overføringar favoriserer kommunar med sterk vekst, og det er lagt opp til stor effektivisering i kommunane.


Sauda får med andre ord tronge rammer. I tillegg så er den sentrale skattepolitikken slik at kraftbransjen skattast ekstra hardt dei siste åra, samt at kraftprisane fell og regjeringa ikkje vil justera kapitaliseringsrenta gjer at eigedomskatteverdien på kraftverk minkar dramatisk. Dette betyr til slutt at Sauda kommune får mykje mindre i eigedomskatt frå kraftbransjen. Dette fekk kommunestyret erfara ved at budsjettet måtte kuttast med 4,4 millionar i tolvte time. Men kommunestyret me har nå, jobbar godt i lag, samarbeidsklimaet er bra og eg trur alle følte dei fekk gjennomslag for sine saker. Me må huska på at tross alt, så gir Sauda kommune eit godt tilbod til innbyggarane i alle fasar av livet.


Sjølv om 2018 vil bli eit år med tronge økonomiske rammer for kommunen. Så skjer det mykje spennande ting framover. Det nederlandske selskapet Hereema satsar i ny retning. Frå å jobbe innan olje og gass og maritime operasjonar innan dette feltet. Vil dei nå satsa på grønnare næringar. Dei ser mot oppdrett og utviklar teknologi som skal løyse utfordringar i næringa og som skal kunne opne nye områder for oppdrett. Sauda er i så måte ein perfekt stad for dette grunna mange fortrinn. Me har billig grøn kraft, oksygenfabrikk, tilgang på varmt og kaldt vatn og ein 100 års historie med prosesskompetanse, skiftarbeid og store logistikkoppgåver. Det at Saudasamfunnet er vane med å ha internasjonale aktørar å samarbeida med er og noko dei trekte fram som ein av grunnane til at dei vel akkurat Sauda som plassen å satsa.


Kommunestyret skal bruka 2018 på å utvikla og behandla ny kommuneplan for Sauda. Detta vil vera ein plan som blir styrande for Sauda dei neste 10 åra. Då er det viktig at ein gjer retningsvalg som kan gi utvikling av Sauda. Me treng fleire arbeidsplasser, og då er det naturleg at dette får mykje plass i planen.


Korleis me skal utvikla sentrum er også tema i planen. Me må sørga for at me utviklar sentrum i ein slik retning at me får til meir bruk og meir folk i sentrum. Aktivitet skapar aktivitet, og det vil gi omsetning i butikkane, som er bra.


Eit prosjekt Sauda er med i og som er eit godt eksempel på regionalt samarbeid er ny fiberkabel til England. Som ein del av Ryfylke IKS har Sauda og 4 andre Ryfylkekommunar vore pådrivar for å få til ein ny utanlands fiberforbindelse til Rogaland. Nå har me fått store investorar med på laget, og prosjektet har fått namnet No-Uk.Com. Sjå på nettsida til prosjektet for meir informasjon om dette spennande arbeidet. Grunnen til at Ryfylkekommunane har engasjert seg så sterkt i dette er at ein slik kabel legg til rette for datasenterindusri. Slike store datasenter krev mykje kraft og då er plassering i områder med overskot på kraft økonomisk fordelaktig. Ryfylke og Sauda blir i så måte ein attraktiv plass for å plassere eit slikt anlegg. Sauda har alle fortinn for å få ei slik etablering, men det krev at me set av store areal til formålet.


Men det som ligg an til å bli høgdepunktet i 2018 er utvilsamt opninga av Folkets Hus. Eg håpar alle i Sauda og mange fleir set av veka 17. til 23. september i kalenderen. Då skal me ha opningsarrangement og fest i ei heil veke. Me inviterer gjester i frå fjern og nær til å feira saman med oss, når me opnar Saudas nye storstove Folkets Hus.


Me får eit nytt flott bygg med sal, kafé, ungdomstilbod og fasilitetar til kultureininga. Og me får sjå den restaurerte og oppfriska versjonen av Folkets Hus, tilbakeført i fargar og stil til 1931. Sauda er heldig som har eit slikt kulturminne av nasjonal verdi, og Saudabuen skal vera stolte av at me klarar å ta vare på kulturskattane våre.


Så det er bare å gleda seg til september, og alle dei andre månadane som kjem i 2018!
Eg vil med dette ønska alle saman eit godt nytt år