Meny

Offshorenæringa ein av Saudas største og viktigaste arbeidsgivarar

Morten Maldal

Anders Amdal spør i ope brev til dei politiske partia i Sauda om det er vilje til å kjempa for at det framleis skal være aktivitet på norsk sokkel, slik at offshorearbeidaren kan vere med å bidra i form av gode skatteinntekter lokalt og regionalt. Vidare lurer han på kva eit lokalparti kan bidra med opp mot moderpartiet i sakas anledning. Det korte svaret på dette er; JA det er vilje (og engasjement) og at Senterpartiet i Sauda jobbar for at dette skal være nasjonal politikk i alle dei fora me har tilgang til (bla fylkesårsmøter og landsmøter).

Norsk offshorenæring står for den reinaste og sikraste olje- og gassproduksjonen i verda, har høg grad av fagorganisering og inntektene kjem heile det norske folk til gode gjennom norsk skatteregime og gjennom gode skatteinntekter til kommunane som er heimstad for offshorearbeidarane. Løysinga på klimakrisen er derfor ikkje å legge ned norsk olje- og gassproduksjon (og flytte produksjonen utanlands), men å jobbe for å redusere forbruket av fossilt brensel nasjonalt og internasjonalt.

Me har ikkje nøyaktige tal på antall offshorearbeiderar i kommunen (einig at det kunne vore interessant om Ryfylke hadde kartlagt omfanget). Det me veit er at om lag 300 Saudabuar jobbar utanfor kommunen, ein stor andel av desse er knytta til næringa og bidrar med viktige skatteinntekter til kommunekassa. Me veit òg at offshorenæringa er ein viktig kunde for bedrifter med aktivitet i kommunen, dette viser tydelig på statistikken som òg viser nedgang i antall sysselsette lokalt som følgje av oljekrisa i 2014. Dette gjer at offshorenæringa samla sett er ein av Saudas største og viktigaste arbeidsgivarar.

Ordførarkandidaten vår er offshorearbeidar av yrke og har i perioden hatt permisjon frå jobben på Ekofiskfeltet i Nordsjøen.

Godt val!