Meny

Vel distriktspolitikk

Vegard Birkeland Rød

Nok ein gong stundar det mot val i bygda vår.

Som så mange gonger før vert nokre av listekandidatane ståande medan andre tek det store spranget frå kjøkkenbordspolitikar og over på ei partiliste.

Underteikna har teke spranget frå kjøkkenbordet og over i alvoret på ei partiliste.

Sjølv om Sauda for meg er verdas beste buplass er eg fullstendig klar over at me har nokre utfordringar føre  oss.

Folketalet er synkande, hurtigbåten er truga, trafikkstasjonen er truga, det trengst fleire løft i eldreomsorga osv.

Eg meiner at mest alle utfordringane sauda står ovanfor kan løysast med ein enkel betegnelse: GOD DISTRIKTSPOLITIKK.

Partiet eller partia som skal vara i posisjon i Sauda må ha slagkraft oppover i partisystemet sitt til eit parti med god distriktspolitikk.

For meg verkar det som om det berre er eit parti i Noreg  som er heilt ufravikelege på distriktspolitikk og det er Senterpartiet.

Dei er klinkande klare på at heile landet skal vara i drift og at tilboda til innbyggjerane skal vera gode om ein bur i Oslo eller Sauda.

Det sterke Senterpartiet i Sauda har vorte lagt merke til noko som førte til at partileiar Trygve Slagsvold Vedum tok turen til Sauda tidlegare i år, og kva skjer då?

Vedum vert synt hurtigbåten, og trafikkstasjonen og utfordringane rundt desse vert belyste, i tillegg vert det ein runde innom smelteverket .

Seinare på kvelden er det allmøte på Folkets hus og Vedum avslører at han har teke inn mest kvar setning som er sagt denne dagen i Sauda.

Etter mitt syn er det dette som er måten å få bevegelse i store utfordringar med røter i nasjonalpolitikken.

Me kan skriva i lokalavisa til krampa tek oss, men dersom me vil ha virkning og slagkraft må dette løftast opp til høgare nivå nettop slik det vart gjort denne dagen.

Senterpartiet har halde roret i Sauda dei siste 4 åra og har meir enn bevist at dei taklar dette framifrå.

Samtlege av dei andre paria skryt av samarbeidet og lokalavisa har ikkje fått trykka setningar som «gjekk frå møtet i sinne» og ord som «mistillit» på 4 år slik me hugsar frå tidlegare.

Senterpartiet har og sett ned foten for føregåande lånefest slik at kommunegjelda ser heilt annleis ut i dag framfor om ein hadde fortsatt på same lesten.

I ytring i lokalavisa tysdag 3 september rundar ein av Sauda Høgre sine kandidatar av slik: «stem Høyre om du mener det er på tide med en forandring»

Til det vil eg svara: forandringa i Sauda held på, den starta for 4 år sidan og Senterpartiet er ikkje ferdige med det dei ynskjer å utretta.

Dersom Sauda skal gå i møte og snu utfordringane me har og utfordringane som kjem ,håpar eg alle gode veljerar i Sauda ser behovet for og nytta av eit leiande parti med skikkeleg distriktspolitikk frå kommune til storting.

Godt val.