FrP er bompenge motstandarar seier Korneliussen. Frå lovnad om bompengefritt over heile landet før valet i 2013, set dei i regjering rekord i innkreving av bompenger. Kvar dag krev dei inn over 24 mill i bompenger – 1 mill i timen – 10 milliardar i året.. I Nasjonal transportplan for perioden 2018–2029 legg regjeringa opp til å kreva inn 131 milliarder i tolvårs perioden. Det er ca. 11 milliardar årleg! Korneliussen seier at ei stemme til FrP er ei stemme for mindre bompenger. Folk får jo gjer opp si eiga meining. Men, ei stemme til FrP i regjering er nok ei stemme for fortsatt auke i bompenger. Faktum er at H/FrP regjeringa ikkje hadde klart å legga fram ein så ambisiøs Nasjonal transportplan utan bruk av så mykje bompenger. Dei kunne unngått det, men har prioritert å gje 25 milliarder i skattelette til dei 50 rikaste i landet. Folk flest har merka veldig lite til denne skatteletta!

H/FrP regjeringa ligg an til å bruka 221 milliarder frå oljefondet i 2017. Frå 2016 til 2017 er auken i bruk av oljefondet på 24 milliardar – totalt nærare 60 milliarder i løpet av 4 år. Det er rekord i oljepengebruk, men lite av dette går til reduksjon i bompenger og prioritering av distrikta. Snarare tvert imot. Dette er samanhengen og resultatet av den økonomiske politikken som FrP no prøve å skygge unna.

Drivstoffavgiftene skulle ned lova FrP før valet i 2013. Kva har skjedd? H/FrP regjeringa har auka bensin- og dieselavgiftene. Eigedomskatten skulle fjernast lova FrP. Kva har skjedd? Ingenting. For 2016 er botnfrådraget for pendlarfrådraget auka frå 16 000 til 22 000 kr. Korneliussen kommenterer heller ikkje om FrP vil bidra til å redusere bompengeandelen i Ryfast, - eit prosjekt som FrP i si tid stemte imot i Stortinget.

Senterpartiet meiner at Norge treng ein ny politisk kurs. Det betyr at dagens Høyre/FrP-regjering må bli avløyst etter stortingsvalget til hausten. Dei har i snart 4 år lagt opp til ei omfattende bevisst sentralisering på dei fleste samfunnsområda. Dei bruker fine ord som fornying, modernisering, nærpolitireform og demokratireform, sjøl om mange opplever at det motsatte skjer. Fellesnevneren for reformene er sentralisering – ei bevisst sentralisering. Viktige tenester for folk i kvardagen blir fjerna og folk føler seg oversett, overprøvd og overkjørt. Blir sjukehus, politi, kommunar, fylkeskommunar, og skattekontor betre fordi dei blir større?

Senterpartiet trur på nærhet og ein politikk som ser på heile Norge. Etter kvart som Sp har auka kraftig på meiningsmålingane, har me blitt skulda frå H/FrP for å vere bakstreverske og populistiske. Men poltikken vår er den samme! Og me trur folk ser det. Det er altså ikkje Senterpartiet som har snudd kappa etter vinden. Det er vinden som er snudd! Fire år med bevisst sentralisering er nok!

Av Alf Henning Heggheim,

Gruppeleiar Strand SP