Behov for kommunal deltakelse i utarbeidelse av reguleringsplan for Heiabakkane
Interpellasjon til Kommunestyret 28.04.2021
Forvaltningsutvalget har dei siste åra behandla utallige dispensasjonssaker frå kravet om reguleringsplan for Heiabakkane. Bakgrunnen er at mange grunneigarar ønskjer å legge til rette for byggeklare tomter. Felles for mange av dei er at de
Forvaltningsutvalget har i dei fleste sakene ønska å gje dispensasjon, sjøl om kommunedirektøren har gitt råd om å sei nei fordi det ikkje er ønskelig å styre utviklinga på grunnlag av dispensasjonar. Felles for sakene er at dei har blitt stoppa med innsigelse frå Statsforvaltaren med samme grunngjeving.
Alle ser behovet for å få på plass ein ny heilskaplig reguleringsplan for Heiabakkane. Spørsmålet er korleis me skal få det på plass, og kven som skal betala for ein reguleringsplan. Senterpartiet meiner det er urimelig at nokre få grunneigarar med 1-2 tomter skal ta kostnaden med å få på plass ein ny privat reguleringsplan. Strand kommune må ta initiativ til å få på plass ein reguleringsplan for området for å unngå dispensasjons praksisen. Kostnaden kan enten tas av kommunen eller gjennom ei fordeling mellom kommunen og grunneigarane.
Forslag til vedtak:
Kommunestyret ber kommunedirektøren ta initiativ til å starta ein reguleringsplan prosess for Heiabakkane. Sak blir lagt fram for politisk behandling innan 3. kvartal 2021 med forslag til finansiering og fremdrift for planprosessen.