Meny

Fastlegeordninga og legevakta

Av Alf Henning Heggheim, Linda Asbjørnsen og Knud Idsø, 1., 2. og 3.kandidat Senterpartiet i Strand

Rådmannen informerte kommunestyret 19.06 om status for fastlegeordninga i Strand, og at arbeidet med å betre legedekninga held fram i godt samarbeid med legane. Strandbuen kommenterer dette i sin reportasje 10.07.

Senterpartiet er glad for at denne viktige saka er på rett spor. Eit godt samarbeid med legane er heilt avgjerande for å lukkast i dette viktige arbeidet. Heile fastlegeordninga har over lang tid vore utfordrande for store deler av landet. Både regjering, storting og kommunane har eit stort ansvar for å hindra at ei god ordning havarerer.

Å vere bedriftseigar av eit legesenter og ha arbeidsgjevaransvar med alt som følger med, kan nok vere tyngande og gjera det vanskeligare å tiltrekka unge legar som brenn for legeyrket og som ønsker å bli i kommunen over tid. Me har tre legesentre – eitt kommunalt og to private. Senterpartiet trur at eit kommunalt kjøp av dei private legesentra Rådhusgaten legegruppe og Tau legesenter, og at kommunen overtek arbeidsgjevar ansvaret for alle utanom legane sjøl, kan vere eit viktig tiltak for å betre fastlegeordninga. Det er nylig inngått intensjonsavtale med Rådhusgaten legegruppe. Senterpartiet har tru på same løysing for Tau legesenter.

Me har forståing for at Hanstad/Tveit som nærmar seg pensjonsalder, ikkje lenger ønsker å vere bedriftseigar, og ønsker å trappa ned. For yngre legar er tryggheten av å ha nokon å diskutere med viktig. Senterpartiet meiner derfor det er viktig å finna gode løysingar der me tar vare på seniorlegane, og sikrar viktig kompetanseoverføring. Sjøl om dei vel å trappa ned, har dei framleis mykje å bidra med. Ei mentor ordning må vurderast.

Sjøl om dette vil vere eit steg i rett retning, trur me ikkje dette er nok. Me kjem ikkje utanom å sjå på arbeidsbelastinga til legane. Når regelen meir enn unntaket er 60-70 arbeidstimar i veka, seier det seg sjøl at dette ikkje er berekraftig over tid. Senterpartiet meiner derfor at det må vurderast tiltak for å redusera den totale arbeidsbelastninga for legane. Dette vil også bidra til å behalda legevakta heile døgnet i Strand. Eit tiltak kan vere å tilby legar som deltek i legevaktordninga færre listepasientar.

Senterpartiet meiner at rådmannen også må vurdera å tilby faste kommunale stillingar for allmennlegar i spesialisering, og spesialistar innan allmennmedisin som alternativ til privatpraktiserande legar.

Senterpartiet var skuffa etter møtet i Formannskapet 13.03 då alle parti nærast applauderte at det var innleia samtaler med Stavanger om eit mogleg legevaktsamarbeid – i første omgang på natta. Senterpartiet er krystallklar på at legevakta ikkje skal flyttast til Stavanger bit for bit. Den skal ligge i Strand, også på natta! Me vil gjera det som står i vår makt for å sleppa at våre innbyggarar skal måtte reisa til legevakta i Stavanger. Når Ryfast åpnar kan det bli lettare å rekruttera og behalde legar. Me er positiv til eit legevaktsamarbeid som kan styrka fastlegeordninga og legevakta i Strand, men me vil ikkje ha eit samarbeid som flyttar legevakta bit for bit ut or kommunen. Dersom legevakta blir flytta til Stavanger på natta, så vil det bli eit dårligare tilbod for kommunen sine innbyggarar med lengre reisetid, meir venting og auka kostnader.

Me har stor forståing for arbeidsbelastninga som legane har, og at noko må gjerast raskt for å endra på dette, slik at det blir lettare å rekruttera og behalda legar til fastlegeordninga og legevakta. Senterpartiet ser fram til å få ei sak på bordet om den lokale fastlegeordninga og legevakta. Saka kjem dessverre ikkje til politisk behandling før kommunevalet opprinnelig tenkt. Senterpartiet kan i alle fall lova at me vil kjempe hardt for å sikre eit best mogleg tilbod for våre innbyggerar og for å bevare det lokale legevakttilbodet. For Sentepartiet handlar dette om å sikre viktige tenester nær folk.