Gå til hovedinnhold

FrP med rekord i bompenger

I Strandbuen 19.04 har Petter Korneliussen i FrP eit leserinnlegg under overskrifta «Nei til bompenger». Dette må kommenterast.

Faktum med FrP i regjering er noko heilt anna enn «Nei til bompenger». I juni 2013 var løfta krystallklare. Det skulle bli bompengefritt over heile landet sa Bård Hoksrud til Nettavisen på spørsmål om kva FrP kunne lova velgarane. Med FrP i regjering blir det kvar dag krevd inn over 24 millionar i bompenger - 1 million bompengekroner i timen. Det er rekord! Høyre/FrP regjeringa ligg an til å kreva inn 37 milliardar kroner i bompenger i denne stortingsperioden. Då FrP tok over makta i 2013 betalte bilistane ca 8 milliarder årleg. No ligg det på rett i underkant av 10 milliardar. I Nasjonal transportplan for perioden 2018–2029 legg regjeringa opp til å kreva inn 131 milliarder i tolvårs perioden. Det er ca. 11 milliardar årleg!

Det er ingen som er glad i bompenger, men med unntak av FrP har alle partia på Stortinget sagt at det er nødvendig for å gjennomføra viktige samferdselssatsingar. FrP gjekk derimot til valg på at det ikkje er nødvendig med bompenger. Dei lova ikkje berre å redusera bompengene. Dei skulle fjerne alle bomstasjoner i heile landet, berre dei fekk samferdselsministeren.

Etter snart 4 år i regjering viser det seg at FrP har stått for den dyraste velgerbløffen av alle. FrP har blitt partiet som tar inn mest bompenger. Det skjer samtidig som dei bruker meir oljepenger enn nokon gong. Oljepengene bruker dei på heilt andre ting enn å fjerne bomstasjonar. Kvart einaste år har regjeringa auka bompengene.

Med FrP i regjering har norske bilistar all grunn til å føla seg lurte. Etter at dei kom i regjering snakker FrP ikkje om å fjerna bompengene. No snakker dei om å gjere bompengene smartare. Regjeringen har auka bensin- og dieselavgiftene, – noko som spesielt går ut over oss som bur i distrikta og ikkje har eit godt alternativ til bilen. For 2016 er botnfrådraget for pendlarfrådraget auka frå 16 000 til 22 000 kr. Det får mange som pendlar til og frå jobb nå kjenna på kroppen når dei snart skal levera skattemeldinga. Igjen går det spesielt ut over oss som bur i distrikta. Bompengeandelen i Nasjonal transportplan går bitte litt ned. I tillegg er det satt av 500 millionar til mindre bompenger utanom dei store byane. Det er positivt. Får håpa at FrP bidreg til at dette også kjem Ryfast til gode. Ryfast er 92 % bompengefinansiert. Som kjent stemte FrP imot Ryfast då det var til Stortingsbehandling 12 juni 2012. No kan dei retta opp noko av dette med å bidra til å redusere bompengeandelen i Ryfast. FrP har framleis samferdselsministeren. Så langt har me ikkje høyrt noko!

Av Alf Henning Heggheim,

Gruppeleiar Strand SP