Meny

Handtering av klagesaker

Interpellasjon til kommunestyremøte onsdag 20. februar 2019 av Kjersti Tau Strand (Sp) 

Vi nærmar oss slutten på kommunestyreperioden 2015 – 2019. I denne perioden har eg vore leiar av klageutvalet. Klageutvalet har til nå hatt 5 møter og gjort vedtak i 11 saker.

Sakene gjeld klager på enkeltvedtak knytta til spesialundervisning, startlån, kommunal bolig,
barnehageplass, parkeringsløyve og sosialhjelp/-stønad. Utvalet har i fleire av sakene reagert på langvarig sakshandsaming. I forkant av siste møte (11/2) tok eg meg tid til ein
gjennomgang av dei sakene som utvalet har handtert fram til nå, og noterte dato for klage,
dato for stadfesting av vedtak, dato for saksframlegg og dato for møte i klageutvalet.
Kort oppsummert fordeler sakene seg slik i forhold til kor lang tid det har tatt frå klagen er
datert til den blei lagt fram i møte i klageutvalet:


· 1 sak – ca. 1 månad
· 1 sak – ca. 2 månader
· 5 saker – ca. 3 månader
· 3 saker – ca. 4 månader
· 1 sak – ca. 5 månader


I 9 av 11 saker har det tatt meir enn 3 månader frå klagen er datert til saka blir lagt fram for
klageutvalet. I den eine saka der det tok 5 månader frå klagen blei levert til saka blei lagt
fram for utvalet, så blei eit planlagt møte avlyst på grunn av mangel på saker. I dette tilfellet
har det tydeligvis vore manglande kommunikasjon internt i administrasjonen. Feil kan skje,
men trenden er likevel klar. Det tar for lang tid frå klagen blir registrert og vurdert
administrativt, til den blir lagt fram for klageutvalet.


Forvaltningslova er tydelig på at der kor underinstansen ikkje gir klagar medhald, så skal
«sakens dokumenter sendes klageinstansen så snart saken er tilrettelagt», jf. §33.
Gjennomgangen av sakene som har blitt lagt fram for klageutvalet i denne perioden viser
etter vår oppfatning at Strand kommune ikkje har gode nok rutinar og internkontroll-system
for handtering av klager. Dette er alvorleg fordi det gjeld rettstryggleiken for innbyggjarane
våre, og spesielt dei som av ulike årsaker strevar med livet på grunn av dårleg helse, rus eller økonomi.


Senterpartiet ber ordføraren om å ta initiativ til å få lagt fram ei politisk sak om rutinar for
handtering av klager i Strand, med fokus på saker innanfor klageutvalet sitt ansvarsområde.


· Korleis er status for handtering av klager i Strand, - både dei klagene som går til
klageutvalet og dei som blir sendt til fylkesmannen?
· Korleis kan rutinar og internkontroll-system endrast for å sikre raskare handtering av
sakene?
· Bør det gjerast endringar i delegasjonsreglementet for å sikre effektiv og god
handtering av saker som skal leggast fram for klageutvalet?


Tau, 10. februar 2019
Kjersti Tau Strand
Strand Senterparti