Meny

La Heiarane overta skulen!

Av Senterpartiet i Strand, Alf Henning Heggheim, Linda Asbjørnsen, Frida Apall, Leidulf Sigmundstad, Arild Gjerde og Knud Idsø

I Kommunestyret 17.06 vedtok posisjonspartia H/KrF/FrP/V/BTN å tilby Midtun grendalag ein leigeavtale med Strand kommune for skulen på Heia. Det meiner Senterpartiet og resten av opposisjonspartia er ei dårlig løysing både for Heiarane og Strand kommune. Me vil som dei sjølv ønsker la Heiarane overta skulen og heile/deler av uteområdet til ein symbolsk sum.

Underskriftskampanjen med 480 underskrifter viser at saka om mulig salg av eigedommen knytta til Heia skule har skapt sterke reaksjonar blant Heiarane. Heia skule består av sjølve bygningen på 500m2 og eit uteområde på 5600m2. Skulen brukes i dag som «grendahus» der Midtun grendalag står for vedlikehald og drift i samarbeid med Strand kommune. Skulen er utleigd i snitt 3 dagar i veka til ulike formål. I tillegg er skulen ein viktig samlingsstad på 17. mai og ved andre arrangement

I Formannskapet 13.05 ville i utgangspunktet posisjonspartia omregulera skulen og legga eigedommen ut for salg. Engasjementet til Heiarane gjorde at dei snudde, og i staden vil tilby ein leigeavtale. Senterpartiet er samde i at ein leigeavtale er ei betre løysing enn omregulering og salg, men me meiner likevel at ein leigeavtale er ei dårlegare løysing enn det samarbeidet som eksisterer i dag der Midtun grendalag står for vedlikehald og drift i samarbeid med Strand kommune. Derfor vil Senterpartiet åtvara mot ein leigeavtale, fordi me trur at det vil legga meir forpliktelsar på grendalaget, og auka administrativ ressursbruk i kommunen. I vedtaket frå posisjonspartia står det at kommunen ikkje skal «ha utgifter med vedlikehald og drift av skulen». Historia viser at diskusjonar, uklarheter og uenighet rundt dette med drift og vedlikehald i leigekontrakter i mange tilfeller skaper støy, som igjen fører til eit dårlig samarbeidsklima. Til sjuande og sist er det ofte kommunen som blir sittande med brorparten av kostnadene. Derfor er det ikkje utan grunn at rådmannen påpeika nettopp dette i Kommunestyret 17.06. I desse innsparingstider treng me ikkje å pålegga administrasjonen unødvendige administrative oppgåver. Senterpartiet vil derfor oppmoda posisjonspartia igjen til å vurdera å selga skulen og heile/deler av området til grendalaget.

Det er inga skam å snu!