Meny

Legevaktsamarbeid og ØHD

Sist endret: 27.09.2020 - Alf Henning og Kjersti Tau Strand, Strand SP #Strand

Senterpartiet i Strand synes det er synd at Forsand, Strand og Hjelmeland ikkje klarte å få til samarbeid om felles legevakt.

Dette er eit resultat av dårlig politisk og administrativt handverk. Det erkjenner og beklager me. Me har fått mange positive tilbakemeldingar på oppslaget i Strandbuen 10.02, og utspelet vårt om det er vilje i Hjelmeland og Forsand til å sjå på dette på ny. Tilbakemeldinga frå ordførarane i Hjelmeland og Forsand er ikkje like positiv, og det tek me sjølsagt til etterretning. Når ordføraren i Hjelmeland i Strandbuen 22. februar knyttar saka om legevaktsamarbeid opp mot oppsigelsen av samarbeidsavtalen for øyeblikkelig hjelp døgnopphold sengene (ØHD), så er det likevel på sin plass å komme med ein kommentar.

Sidan september 2015 har Hjelmeland, Strand og Forsand hatt ein samarbeidsavtale om ØHD senger på Jonsokberget. Dei årlege kostnadene på 3,16 mill er fordelt med 72 % på Strand, 20 % på Hjelmeland og 8 % på Forsand. Kommunane har som for andre interkommunale samarbeid, lagt dette inn i sine budsjett og økonomi planar. Oppsigelsestida er 1 år. Dette er ikkje ei urimeleg oppsigelsestid for denne type avtaler då det tek tid å tilpassa tenestetilbodet og økonomien dersom nokre av partane vel å gå ut or samarbeidet, eller dersom det skjer andre endringar undervegs. Hjelmeland har ikkje hatt bruk for ØHD-sengene på Jonsokberget. Ved endra behov må ein sjølsagt kunne seie opp ein avtale om interkommunalt samarbeid i tråd med dei vilkåra som er lagt til grunn for avtalen. Som vertskommune er det viktig for Strand å ha ryddige og forutsigbare avtaler for interkommunale samarbeid, og då kunne ikkje Formannskapet i Strand imøtekomma ønsket  frå Hjelmeland om å få sleppe å betale sin del av kostnadene i oppsigelsestida.

Forsand er ifølge ordføraren nøgd med legevaktsamarbeidet med Sandnes. Det hadde kanskje vore rart om ordføraren meinte noko anna sidan han og eit knappast mogleg fleirtal i kommunestyret i Forsand har vedtatt at dei ønskjer kommunesamanslåing med Sandnes. Strand Sp har i lag med fleire andre parti arbeidd opp mot våre Stortingsgrupper, og bedt om at vedtak om kommunesamanslåing i Ryfylke blei satt på vent til etter Ryfast. Dessverre ser det ut til at H, FrP og V gjennom eit politisk spel og hestehandel sikrar eit knapt fleirtal på Stortinget for samanslåing av Forsand og Sandnes, - stikk i strid med sunn fornuft og regionale omsyn. Kartet talar for seg. Då blir det sjølsagt lite aktuelt for Forsand med eit legevakt samarbeid med Strand og eventuelt Hjelmeland i framtida. Me trur at biletet hadde vore eit anna om Hjelmeland i siste runde hadde sagt ja til ei kommunesamanslåing av Forsand, Strand og Hjelmeland. No ser me resultatatet me frykta – eit splitta Ryfylke.

Me har forståing for at Hjelmeland no treng ro, og det er nok fleire av oss som kunne tenkt oss ein pause frå denne uforutsigbare kommunereformen. Nå er det likevel slik at me framleis bur i Ryfylke. Kommunereformen kan ikkje endre på geografien. Me er framleis naboar og vil også i tida framover samarbeide om gode tenester for våre innbyggerar. Døra vår står åpen om Hjelmeland etter ei tid ønsker å vurdera legevaktsamarbeidet på ny.

Denne artikkelen ble først publisert 02.03.2017

Relaterte personer