Meny

Senterpartiet heier på arbeidet til Aksjonsgruppa i Forsand

Av Senterpartiet i Strand, Styret og Kommunestyregruppa

Senterpartiet i Strand heier på arbeidet som «Aksjonsgruppa ja til folkeviljen, nei til tvangssamanslåing» i Forsand våren 2020 starta med formål å omgjera tvangssamanslåinga mellom Forsand og Sandnes til fordel for ei samanslåing mellom Forsand og Strand. Bakgrunnen er overtrampet som blei gjort i Forsand kommunestyre av mindretalet 6. juni 2017 då det nye fleirtalet vart hindra til å gjera nytt vedtak før behandlinga i Stortinget 8. juni 2017.

Stortinget hadde det «gamle» vedtaket frå Forsand kommunestyre, som peika på Sandnes, å førehalda seg til. Fleirtalet i Forsand kommunestyre var altså for ei samanslåing med Strand, men blei nekta å gjera nytt vedtak. Lovbrotet blei også rett i etterkant stadfesta av Fylkesmannen i Rogaland. Det er altså ikkje Stortingsvedtaket som er ulovleg fatta, men lovbrotet er det som skjedde i Forsand 6. juni 2017. Derfor r det som blei gjort betrakta som ei tvangssammenslåing. Fleirtalet i Forsand har og kome til uttrykk seinare gjennom ei folkerøysting i form av eit innbyggjarinitiativ i 2019.

Senterpartiet meiner at dette ikkje kan bli ståande, og må rettast opp etter Stortingsvalet til hausten om folkeviljen i Forsand ønsker det. Dette handlar om grunnleggande tillit til det lokale folkestyret og heile vårt demokratiske system. Senterpartiet syns derfor det er flott at Aksjonsgruppa har utfordra listekandidatane frå Rogaland til Stortingsvalet til hausten på spørsmål knytta til samanslåinga mellom Forsand og Sandnes og ei omgjering av dette til fordel for samanslåing med Strand. Aksjonsgruppa får slik me forstår det brei partipolitisk støtte for å følgja opp eit krav om omgjering/grensejustering av Forsand-delen av Nye Sandnes til Strand kommune. Eit stort fleirtal av dei spurde listekandidatane seier at det ikkje er greit at samanslåinga med Sandnes er basert på brot av kommunelova.

Senterpartiet i Strand har heilt sidan prosessen rundt kommune samanslåing starta for fleire år sidan meint at det beste for ytre Ryfylke ville ha vore ei samanslåing av kommunane Forsand, Strand og Hjelmeland. Med Lysefjordbrua og vegen over Botsheia er me alt i dag bunde saman i geografi og kommunikasjonar og har eit felles bu- og arbeidsmarknad. Gode kommunikasjonar er heilt avgjerande for at ein kommune skal fungera godt og utvikla seg i positiv retning. Reisetida mellom sentrale deler av Forsand og Jørpeland er berre 12-15 minutt med bil. Elevar går t.d. på Strand VGS, og innbyggjarane deltek i ulike lag- og organisasjonar på tvers av kommunegrensene. Me har altså mykje til felles når det gjeld både kultur og historie og vil alltid vere naboar som grenser til kvarandre. Ytre Ryfylke har i fellesskap fantastiske muligheter til auka busetting, næringsutvikling og ikkje minst satsinga på turisme med Preikestolen og Lysefjorden der mykje positivt skje.

Dessverre enda det med i samanslåing slik me ønska. I staden blei Ytre Ryfylke splitta etter ein hestehandel i Regjering og Storting, der Forsand blei samanslått med Sandnes og ei påfølgande grensejustering førte til at deler gjekk til Strand. Ei beslutning hovedsakleg med grunnlag i ønske om privat ferjedrift over Høgsfjorden. Ja, me kjenner historia så langt. Me trur at Forsand vil bli ein større utkant i Sandnes enn i Strand.

Forsand har store årlege inntekter som kjem frå kraftproduksjon. Desse inntektene ville hatt mykje større positive ringverknader i ei samanslåing med Strand med sine 13 000 innbyggjarar i forhold til Sandnes med sine 80 000 innbyggjarar. Desse midla ville vore svært positive for næringslivet og koma innbyggjarane til gode på mange område. No går inntektene som blir skapte i Ryfylke ut av Ryfylke – til Sandnes. For Senterpartiet er det viktig at inntekter frå kraftutbygginga i Ryfylke skal koma områda i Ryfylke til gode.

Senterpartiet har i utkast til nytt Stortingsval program som skal behandlast på landsmøtet i byrjnga av juni foreslått at Stortinget behandler tvangssamanslåtte kommunar og fylker på ny om innbyggjarane krev det. La oss håpa at Aksjonsgruppa lukkast i sitt arbeid om å omgjera tvangssamanslåinga mellom Forsand og Sandnes til fordel for ei samanslåing mellom Forsand og Strand. Det vil kreva at folkeviljen i Forsand kjem til uttrykk gjennom ei ny rådgjevande folkerøysting, og at Regjering og Storting følger opp med nødvendig vedtak.

Lukke til med det vidare arbeidet!