Meny

SP vil ha like satsar for elbil og bil i Ryfast

Alf Henning Heggheim, Gruppeleder Strand Sp

Statens vegvesen har sendt på høyring nytt takst- og rabattsystem for Ryfast. Dette blei behandla i Kommunestyret 12.12. Sidan dette i høgaste grad angår våre innbyggarar som brukarar av Ryfast, meiner Senterpartiet det burde vere sjølsagt at kommunen får uttala seg i den vidare prosessen. Det er ikkje gitt då det kun er berørte kommunar som har stilt garantiansvar (fylkeskommunen og Stavanger) som i utgangspunktet får uttala seg.

Takst- og rabattsystemet må gjera det «levelig» å bruka Ryfast. Det betyr ikkje langt frå dagens ferjetakstar. Senterpartiet er opptekne av å skjerma dagpendlarane med bil og næringstransport. Dess høgare bompengetakstane blir, dess mindre attraktivt blir det å bu og busetta seg i Ytre Ryfylke, og dess vanskeligare blir det å driva næring. Då trenge me å sjå på både passeringstak og rabatt for personbil og næringstransport. Etter forslag frå Sp stemte fleirtalet i Kommunestyret for å be Statens vegvesen vurdera fordelar og ulemper med rabatt på 20 % for næringstransport som alternativ til passeringstak.

Senterpartiet foreslo i tillegg å be Statens vegvesen vurdera effekten av at elbilar betaler samme takst som konvensjonelle kjøretøy. Dessverre fekk me kun støtte frå bygdelista. Fleirtalet i kommunestyret viser liten vilje til å få fakta på bordet, lukkar augo og vil ikkje sjå samanhengen og konsekvensen av realitetane. Dette sjølv om også Fylkestinget 11.12 i saka om eigarstruktur for Ryfast vedtok mot dei to stemmene til SV følgande: «For nullutslippskjøretøy i takstgruppe 1 utredes to alternativ, med henholdsvis 50 % og 100 % takst for konvensjonelle kjøretøy etter rabatt». Ryfast er 92 % bompengefinansiert. Dess færre som bidrar til bompengene i Ryfast, dess høgare blir bompengetakstane, og dess større trafikklekkasje blir det til Høgsfjord ferja. At elbilar skal betale 50 % vil utvilsomt ha konsekvenser for bompengeinntektene i Ryfast. Omfanget av konsekvensene kjenner me ikkje. Det er det Sp ønsker å få vurdert. Når bompengene gjennom Ryfast skal fastsettast, kan eit alternativ vere å innføra ein elbil-andel. Dersom elbilandelen kjem over ein viss % andel, så kan bompengeselskapet vurdera lik sats som for konvensjonelle kjøretøy.

Stortinget har vedteke at elbilar ikkje skal betala meir enn 50 % takst av konvensjonelle bilar. Senterpartiet meiner at det likevel berre er eit tidsspørsmål før elbilane også må bidra på lik linje. Me meiner det også er rett og rimelig så lenge staten ikkje bidreg meir i finansieringa. Det er flott at elbilar over langt tid har hatt gunstige bruksvilkår. Det har stimulert til teknologiutvikling og auka elbil-andel. Men, om staten ikkje bidreg meir, så er tida no komen til at elbilar må bidra på lik linje med konvensjonelle bilar. Dei gunstige ordningane for kjøp av elbil bør oppretthaldast for å sikre overgangen mot ein meir miljøvenleg bilpark.

Ingen ting hadde vore betre enn om staten kunne påtatt seg eit større ansvar for finansieringa av Ryfast. Istadenfor blir det gjort vedtak som aukar usikkerheten i finansiaringa av prosjektet. Det er nok å nevna kommunereforma der ein legg til rette for privat ferjedrift over Høgsfjorden, sjølv om det var ein klar føresetnad at både Tau- og Høgsfjord sambandet skulle leggast ned. I tillegg legg ein opp til at fleire skal få reduserte bompenger. Senterpartiet er sjølsagt glad for dette, men poenget vårt er at det har konsekvenser i forhold til finansieringa av Ryfast med høgare bomtakstar og forlenga nedbetalingstid.