Meny

Status for PPT i Midt-Ryfylke etter kommunesamanslåing

Alf Henning Heggheim Gruppeleiar Senterpartiet

Grunngitt spørsmål Kommunestyret 25.09.2019

Strand kommune er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om pedagogisk - psykologiske tenester (PPT) i Hjelmeland, Finnøy, Forsand og Strand. Frå årsskiftet går Finnøy og Forsand ut av dette samarbeidet. PPT skal hjelpe barnehagane og skulane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, slik at dei kan legge betre til rette for barn og unge med særskilte behov. Med andre ord så er PP-tenesta avgjerande for å lukkast med tidlig innsats i både skular og barnehagar. Senterpartiet er opptatt av å ta vare på og videreutvikle kompetansen i den kommunale PP-tenesta, og er bekymra for at endringa som skjer ved nyttår kan føre til oppsplitting og nedbygging av dette fagmiljøet. Oppsplitting og nedbygging av fagmiljøet kan i tillegg føre til lengre ventetid for sakkunnige vurderingar.

Spørsmål til ordførar:

Kva skjer med PPT i Midt Ryfylke frå årsskiftet?
Kva er status for reforhandling av avtalen med Hjelmeland kommune?
Korleis blir dei tilsette i PP-tenesta ivaretatt og førebudd på den endringa som skjer frå årsskiftet?
 

 Tau, 16.09.2019