Meny

Tennisbane på Tau

Alf Henning Heggheim - Gruppeleiar og ordførarkandidat, Strand Senterparti

I Strandbuen 30.04 har to 13 åringar eit leserinnlegg der dei savnar ein tennisbane på Tau. Takk for eit flott initiativ frå desse to unge gutane. Det er rett som dei seier at det no ikkje lenger er ein tennisbane på Tau. Tennisbanen ved ungdomsskulen er tatt vekk i samband med skuleutbygginga. I tillegg var det tidlegare to tennisbaner der som Akvahallen til Strand VGS nå er bygd. Senterpartiet er einig med ungdomane at det er viktig å legge til rette for fleire møteplasser og aktiviteter for spesielt uorganisert ungdom. Me vil derfor ta saka opp i formannskapet 5, juni, og be ordførar ta initiativ ovafor rådmannen for å be om ei sak der det blir undersøkt mulig plassering og kostnad for ein ny tennisbane på Tau.