Meny

Til Senterpartiets Stortingsgruppe og politisk leiing

Gruppeleder Alf Henning Heggheim. Lokallagsleder Arild Gjerde

KrF sin Stortings representant Olaug Bollestad har som det blei antyda i vårt brev til Senterpartiet si politiske leiing og stortingsgruppe 6. juli 2022 no sendt inn eit representantforslag i grensejusteringssaka i Rogaland, der kommunalministeren si avgjerd overraskande for mange blei bestemt å ikkje endra grensa mellom kommunane Sandnes og Strand. Slik me forstår det skal representant forslaget først behandlast av kommunal- og forvaltningskomiteen.

Regjeringa valde å sjå heilt bort frå alle demokratisk gjevne tilrådingar, om å grensejustera Forsanddelen av Sandnes til Strand. Likeså eit stort fleirtal i Fylkestinget i Rogaland, fylkespartiet i Rogaland Senterparti, og Statsforvaltaren i Rogaland si klare tilråding, etter gjennomført innbyggjarundersøkjing. Her sa 54% JA til Strand, 44% sa JA til Sandnes. Fleirtalet og folkeviljen i Forsand er tydelig. Kartet, nærleiken til tenestetilbod og ei høgst usikker framtid til det private ferjesambandet over Høgsfjorden fortel eigentleg alt om kvifor samanslåinga av Forsand med Sandnes er ei unaturlig samanslåing med eit splitta Ryfylke som resultat. Dette handlar om å stå opp for lokaldemokratiet og distrikts-Noreg!

Det me i Ryfylke reagerer sterkast på her, er den totale mangelen på «heilskapeleg vurdering» og demokratisk forankring. Me har – og vil i framtida – alltid stå for at politiske avgjerder må ha demokratisk støtte og legitimitet. Når ein har trødd feil – er det inga skam å snu. Senterpartiets partiprogram og Hurdalsplattforma er ei god rettesnor for korleis dette burde vore løyst.

Me meiner det er to nye moment i saka sia statsråden si avgjerd i juni 2022. Det at det er fremma eit representantforslag, og ikkje minst at det private ferjesambandet Høgsfjordsambandet som bind Forsand og Sandnes samen, heng i ein tynn tråd. Hvis det blir nedlagt, må innbyggjarane i Forsand gjennom Strand og Stavanger kommune for å komma til sin eigen kommune, ein "omveg" på rett i overkant av 60 km. Til Jørpeland i Strand kommune er det 15 km frå Forsand!

Med denne unaturlege kommunesamanslåinga Forsand-Sandnes, går Ryfylke glipp av årleg over 100 mill i kraftinntekter, frå kraftproduksjon i Ryfylke der inntektene nå går ut av Ryfylke til Sandnes - inntekter som skulle ha kome Ryfylke-regionen til gode. Derfor er dette også eit prinsippielt spørsmål som treff DNA`et til oss i Senterpartiet.

Måten Forsand saka er avgjort på frå regjeringa, er utvilsomt øydeleggjande for både veljarane sin tillit til lokaldemokratiet og politiske prosessar. Og ikkje minst demotiverande for oss lokale tillitsvalgte.

Å støtta opp om lokale initiativ, og å lytta til folkemeininga er ein av bærebjelkane i Senterpartiet. No set me vårt lit til at Senterpartiet si stortingsgruppe kan vera med å retta opp feilgrepet som blei gjort når Forsand-saka i løpet av november/desember 2022 kjem til behandling i kommunalkomiteen og Stortinget.
 

Lykke til med ei viktig avgjerd: