Meny
Bli medlem

Ambulansetenesta

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti meiner det er viktig at Helse Vest krev at ambulansetenesta når målet sitt om responstid.  Det er viktig at vi opprettheld og utviklar ei ambulanseteneste slik at denne når målsettinga om at 90% av utrykkingane skal vere framme innan 25 minutt. 

Det er avgjerande for tryggleiken i fylket vårt at akuttberedskapen er god, og at vi kan stole på at ambulansane kjem når vi treng dei. 

 Helse Førde må jobbe for at dei skal nå denne målsettinga i alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Vedtatt av fylkesårsmøtet 4. mars 2018, Balestrand.

Denne artikkelen ble først publisert 08.03.2018