Meny

Bygg Stad Skipstunnel!

Bruk krisepakken til å bygge Stad skipstunnel og heve ubåt-vraket ved Fedje. Det er kravet frå fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland.

Stortinget og regjeringa brukar fleire milliardar kroner på å halde hjula i gong gjennom koronakrisa. Nokre av desse kronene vil gå til å sette statlege prosjekt ut i verda, for å halde sysselsetjinga oppe. Askeland og Senterpartiet meiner at Stad skipstunnel er eit gryteklart prosjekt, og at ein oppstart på den etterlengta skipstunnelen vil skape arbeid og aktivitet.

Sogn og Fjordane Senterparti vedtok også politikk på dette på sitt årsmøte i slutten av februar.

Meldinga frå eit samla årsmøte var som følgande:

Sogn og Fjordane SP krevjer at Stad Skipstunell får oppstartsmidlar i årets statsbudsjett.

Vi kan ikkje godta fleire utsettingar i eit gryteklart prosjekt som vil kunne løfte kysten på ein heilt ny måte.