Ein god skule for alle
Senterpartiet er oppteken av at skulen skal vere ein god læringsarena for alle – praktikar som teoretikar. Føresetnaden for dette er å gje lærarar og elevar tillit og gode arbeidsvilkår. Vi ønskjer ein desentralisert skulestruktur på alle nivå.
Sogn og Fjordane Senterparti vil:
- vurdere rapporteringskrava som i dag ligg til grunnskulen med sikte på å forenkle og fjerne rapporteringskrav som ikkje er naudsynte for god kvalitet.
- avvise ytterlegare auke av timetalet i skulen.
- innføre eit enkelt, sunt og gratis skulemåltid for elevar i grunnskulen.
- at alle grunnskuleelevar får ein time fysisk aktivitet kvar dag.
- styrke symjeundervisinga i eigen kommune.
- at dei elevene i ungdomsskulen som ikkje tek eit andre framandspråk, skal få tilbod om arbeidslivsfag.
- vil ha obligatorisk opplæring i begge målformer med karakter/eksamen i både sidemål og hovudmål på ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring. Det skal ikkje gjelde yrkesfaga.
- heve kompetansenivået innan for psykisk helse blant dei tilsette på skulen.
- ha ei meir fleksibel praktisering av fråværsreglementet der det vert teke omsyn til eigenmelding, køyreopplæring, tannlege og liknande. Fråværsgrensa bør differensierast etter timetal i faget.
- auke status til yrkesfaga og auke tal lærlingplassar. Offentlege organisasjonar må ved innkjøp av tenester stille krav til bedrifter om at dei skal ha læreplassar.
- sikre god kombinasjon av teori og praksis i vidaregåande utdanningsløp på yrkesfaglege studieretningar.
- prioritere auka lærartettleik ved å innføre eit nasjonalt gjennomsnittleg minstekrav på lærartettleik med maksimalt 15 elevar på barnetrinnet og 20 elevar per lærar i ungdomstrinnet.
- fjerne kravet om tilbakeverkande kraft på kompetansekrava til lærarane, og gje lærarar rett og plikt til etter- og vidareutdanning basert på statlege finansieringsordningar.
- reversere kravet om at alle lærarstudentar må ha 4 i matematikk, styrke dei praktiske og estetiske faga i lærarutdanninga og gje alle elevar tilbod om desse faga gjennom grunnskuleløpet.
- forenkle vurderingsforskrifta og fjerne PISA-testing.
- at internasjonale studentar ikkje skal betale skulepengar.
- ha tett samarbeid med arbeidslivet som gjer elevane betre rusta til å velje yrke eller utdanning som samfunnet treng, til dømes ved å vidareutvikle TAF/YSK-tilbod i fylket
Vedteke på Senterpartiet i Sogn og Fjordane sitt fylkesårsmøte i 4. mars 2017.
Til
Kunnskapsdepartementet v/statsråd Torbjørn Røe Isaksen
Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité