Meny

Ein human flyktningpolitikk

I Senterpartiet sitt verdigrunnlag står fylgjande: «Hvert menneske er unikt og uerstattelig, og menneskeverdet er ukrenkelig og overordnet andre verdier».  Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti ønskjer ein meir human flyktningpolitikk, der vi beskyttar dei svakaste på flukt.  Vi veit at det på verdsbasis er eit historisk høgt tal menneske som er på flukt frå krig, matmangel og klimaendringar.

Senterpartiet vil føre ein ansvarleg og anstendig flyktning- og asylpolitikk som byggjer på dei internasjonale forpliktingane våre, humane tradisjonar, den nasjonale kapasiteteten vår og tilrådingar frå FNs høgkommisær for flyktningar.

Menneskerettar og ratifiserte avtalar skal respekterast, og spesielt skal menneskerettane til barn og unge vernast om.  Dagens asylreglar for opphald på humanitært grunnlag femnar ikkje om barn med psykiske lidingar som til dømes alvorleg autisme.  Slike diagnosar blir difor ikkje tatt omsyn til i vurderinga av asylsøknadar på humanitært grunnlag, slik tilfellet er for vaksne med psykisk sjukdom.  Dette gjer at psykisk sjuke barn i dag ikkje har same vern som vaksne. 

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti ber regjering og Stortinget sørge for at Norge følgjer opp forpliktinga vår i Barnekonvensjonen, og endrar regelverket slik at det også omfattar psykiske lidingar hjå barn.

Vedtatt av fylkesårsmøtet 4.mars 2018, Balestrand.