Gå til hovedinnhold

Ein landbrukspolitikk som sikrar matproduksjon for framtida.

Norsk landbruk er ein del av klimaløysinga.  Landbruket har ressursar som kan nyttast til å erstatte fossile energikjelder og produsere mat på ein berekraftig måte.  Dette krev at vi vidareutviklar landbrukspolitikken og set norsk landbruk i stand til å nyttiggjere seg av  desse fornybare ressursane.

Matproduksjon i eit endra klima

Jordbruket i Sogn og Fjordane er dominert av grovfòrbasert husdyrproduksjon.  For at produksjonen skal vere mest mogleg berekraftig og klimavenleg, er det viktig at det blir nytta ein stor del grovfòr av god kvalitet.  Eit våtare og villare klima gjer jordbruksproduksjonen på Vestlandet stadig meir utfordrande, særleg på kysten.   For å oppretthalde og utvikle jordbruket i Sogn og Fjordane er det viktig å ta tak i desse utfordringane.  Jordbrukspolitikken må innrettast etter dette og det må lagast tiltak som sikrar norsk matproduksjon i eit stadig meir utfordrande klima.

 Auka budsjett og investeringsverkemiddel for å nå politiske mål

Auke av midlar er avgjerande for inntektsmogelegheitene, men utgjer ein minkande del – både av inntekt og statsbudsjettet.

 Budsjettoverføringar er grunnlag for å kunne vidareføra eit landbruk med store og  små bruk som nyttar ressursane i heile landet.  Landbruk over heile landet gir monalege fellesgoder som ikkje vert betalt i marknaden.  Matsikkerheit, kulturlandskap, biologisk mangfald, spreidd busetting, levende lokalsamfunn, tradisjon og kultur er samfunnsgoder som må sikrast gjennom overføringar.

 Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti vil:

ha ein aktiv landbrukspolitikk med verkemiddel som kompenserer for ulemper etter storleik og distrikt.
arbeide for å sikre fraktordningane.
auke budsjettoverføringane.
at inntektsnivået i landbruket skal svare til nivået i samfunnet elles.
levere fellesgoder som samfunnet etterspør.

 Meir til investeringar
Investeringar i framtidsretta produksjonskapasitet og miljø- og klimaretta tilpassingar er nødvendig.  Det er trong for store investeringar i bygningar, jord, drenering og lager.  For låg inntening gjer det nødvendig med særskilte investeringstiltak.  Tiltaka må utformast med omsyn til naturgjevne tilhøve og moglegheiter i marknaden.

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti vil at Stortinget:  
løyver ei fleirårig tiltaks- og investeringspakke. 
prioriterer investeringsstøtte til små og mellomstore bruk. 
prioriterer tiltak som lettar overgangen og ombygging til lausdrift. 
bidreg til å nytte dei totale arealressursane og ressursgrunnlaget på det einskilde bruk. 
aukar investeringsstøtta i frukt- og grøntnæringa.
gjer næringa betre i stand til å møte klimautfordringane. 
aukar tilskota til miljø- og jordbetrande tiltak.

Vedtatt av fylkesårsmøtet 4.mars 2018, Balestrand.