Meny

Eit statsbudsjett for dei få

Regjeringa la 8. Oktober fram neste års statsbudsjett. Nok ein gong er det eit budsjett prega av sentralisering, skattelette for dei rike og kutt for folk flest.  

Kommunane er blant dei som blir størst ramma. Regjeringa utfører kutt i kommuneøkonomien, som går utover tenester som skule, barnehagar og sjukeheimar. Samtidig står finansministeren fram og lovar fleire sjukeheimsplassar, som i seg sjølv er motstridande. Spørsmålet er korleis kommunane skal klare å finansiere dette når midlane blir færre og vilkåra dårlegare. Med dette budsjettet vil det bli endå verre for kommunane å utføre sine teneste på ein god måte. Dette gjeld også Sogn og Fjordane fylkeskommune, då det ligg inne ein realnedgang i overføringane. For Senterungdomen og Senterpartiet er det viktig å sjå heile landet, og ta heile landet i bruk. Dette inneberer at ein må ha meir midlar til kommunane og fylka, slik at dei får høve til å tilby viktige tenester til sine innbyggjarar.

 

Medan regjeringa vil ha skattelette til dei rikaste, vil dei kutte i støtte til dei svakaste; funksjonshemma og hardt skadde. Medan dei rikaste skal få endå meir i lommeboka, må dei svake gruppene finne seg i å få vanskelegare vilkår og færre midlar. Dette er eit usolidarisk og drastisk grep, og syner nok ein gong kven regjeringa faktisk prioriterer. Det vil igjen føre til større forskjellar mellom folk, framfor sosial og økonomisk utjamning.

 

Dette statsbudsjettet syner tydeleg at me treng ei ny regjering. Ei regjering som ser heile landet og er opptekne av gode tenester nær folk, framfor kutt i kommuneøkonomi og realnedgang i overføringar til fylket. Me treng ei regjering som ikkje vil kutte hjå dei svakaste, for å gje skattelette til dei rikaste. Me ynskjer ein politikk som tek vare på distrikta og minkar skilnadane i landet. Eg er skuffa over regjeringa som dreg i motsett retning.

 

 

Hilde Horpen

Fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterungdom

Kommunestyrerepresentant og formannskapsmedlem i Årdal