Meny
Bli medlem

Emma Berge Ness frå Gaular innstilt til sentralstyret i Senterungdommen.

Sist endret: 27.09.2020 #Gaular#Sogn og Fjordane

Innstillinga til Senterungdommen sitt sentralstyre for 2019 er klar. Emma Berge Ness frå Viksdalen er innstilt som fast 1. styremedlem.

-      Det er veldig stas dersom organisasjonen vil ha meg inn i sentralstyret. Eg er movitert og klar til innsats dersom eg blir vald inn på landsmøtet i november.

20- åringen frå Viksdalen bur for tida i Bergen, der ho studerer samanliknande politikk ved Universitetet. Tidlegare i år gav ho seg som leiar for Senterungdommen i Sogn og Fjordane, der ho no sit som politisk nestleiar.

-      Senterungdommen kjem til å spele ei viktig rolle fram mot valet neste haust, og det gler eg meg til å ta del i, seier Emma.

Sjølv om innstillinga er klar, skal styret velgast av Senterungdommen sitt landsmøte. Dette skjer i Tromsø andre helga i november.

For meir info, kontakt Emma på telefon 95902183