Gå til hovedinnhold

Etablering av Campus Førde verftet

Etablering av Campus Førde verftet AS vil være eit viktig steg for å vidareutvikle utdanning, forskning og innovasjon i næringslivet innan dei tekniske faga her i fylket.

Etableringa vil være ei vidareføring av fylkestinget sitt vedtak frå juni-14, der ein av delstrategiane i Regional plan for verdiskaping 2014-2025, var å etablere «Teknologicampus Sogn og Fjordane».

Samarbeidsprosjektet som no ligg føre, skal utvikle fagskulen og høgskulen sin regionale rolle, med ei  felles satsing innan:

·        laboratorium og infrastruktur, som skal være tilgjengeleg for «alle»

·        rekrutterings- og utdanningsstrategiar

·        kurs- og opplæringsaktivitetar

·        innovasjon, forsking og utvikling, der høgskulen Vestlandet har mål om universitetsstatus

Dekan for ingeniørfagstudiet ved Høgskulen Vestlandet, Geir Anton Johansen, seier Campus Førde og laboratorieplanane unike i nasjonal samanheng.

Ei samlokalisering av utdanningsinstitusjonar og næringsklynger vil skape ein møteplass som vil  gje studentar og næringsliv gode arenaer for nettverksdanning, ideutveksling,  knoppskyting og  produktutvikling.

Basis vil være knytt opp til lokalitetane til det gamle verftet på Ytre Øyrane i Førde, med 18 000m2 under tak, samt tilgang til sjø, kraner og liknande. I tillegg er det planlagt og godkjendt ei utfylling i sjø som vil gje 23 000m2 ekstra industriareal i området, til evt nye etableringar/knoppskytingar.

Ei samhandling mellom næringsliv, høgskule, fagskule, vidaregåande skule, grunnskule, opplæringskontor, Vitensenter, Reodorklubben m.m. skal  gje auka fokus og interesse for realfaga.

Vi ser allereie i dag kva engasjement og interesse Reodorklubben i Førde skapar blant teknisk interesserte ungdommar og frivillige, og som faktisk får nasjonal oppmerksomheit, bl.a frå forsvaret.

Flyttinga av Hafstad vgs til Øyrane, i sak 16 seinare i dag, vil gje realfagstudentane på studiespes høve til ei meir praktisk tilnærming til tekniske fag, gjennom tilgang til yrkesfaga sine lokalitetar/lærarressursar, og soleis også styrke realfaga i Sunnfjord

Ved å legge til rette for auka samarbeid mellom høgskule, fagskule og næringsliv, vil vi kunne skape eit attraktivt og desentralisert studietilbod tilpassa næringslivet i fylket sitt  behov. Ei høgare utdanning i nærområde, kan gjere det enklare for etablerte familiefolk i jobb å velje ei vidareutdanning som deltidsstudium.  Dette vil ha som mål å få fram fleire realfagsstudentar med fagbrev i botnen,  og dermed styrke næringslivet sin tilgang på ei etterspurd arbeidskraft innan tekniske fag. Som ein næringslivsleiar sa ein gong: Ein ingeniør med fagbrev kan du setje rett i arbeid, dei andre ingeniørane må du lære opp først.

 Sentralt i dette arbeidet er samhandlinga med næringsklyngene i alle deler av fylket, samt relevante miljø i nye Vestland fylke. Det at høgskulen har som mål å få universitetsstatus, vil også gje miljøet høgare status, samt gje auka forskningsaktivitet.

Tidlegare forskning har vist at studieplass  ofte er avgjerande for kvar ein buset seg seinare. Ungdom som har flytta ut av fylket for å ta utdanning, er ofte vanskeleg å få tilbake. 4-5 / 1-5?

Det vil sei at kan vi sikre eit godt og attraktivt studietilbod innad i fylket, som kanskje også trekkjer studentar inn frå andre kantar av landet, vil det være eit viktig grep for å kunne auke innbyggjartalet i fylket.

Fylkesordførar:

I denne omgang handlar det om å godkjenne samarbeidsavtala mellom fylkeskommunen og Høgskulen.

Denne legg til grunn at fylkeskommunen/høgskule, kvar overtar 45% av aksjane i Energilab Sogn og Fjordane frå SFE. Ein forutset at Førde/Sunnfjord kjøper dei 10 siste prosentane.

SFE har investert 8 mill i dette elkraftlaboratoriet til dagens ingeniørstudium. Vi skal betale kr 45 000,- for vår andel, og omstrukturerer selskapet til Campus Førde verftet A/S.

Det nye selskapet får i mandat å søkje fylkeskommunen om investeringsstøtte. Dette for å tilfredsstille EØS sitt regelverk for offentleg støtte til etablering.

Vi skal i dag sette av  15 mill på disposisjonsfond, til disposisjon for fylkesutvalet, og fylkesutvalet får fullmakt til å tildele 15 mill til Campus Førde verftet etter seinare søknad.

Sp har stor tru på at  dette samarbeidet mellom næringsliv, fagskule og høgskule i Sunnfjord og Sogn og Fjordane, vil gje gode resultat, og gledar oss til å sjå synergiar og effekt av dette. Sp støttar dermed fylkesutvalet  sitt framlegg til vedtak i 5 pkt.

- Ole Johnny Stubhaug, fylkestingsrepresentant.