Dei siste åra har vi opplevd ei endring i den politiske kulturen i Noreg når det gjeld språkbruk og retorikk. Vi opplever at grensene for kva som er greitt å seie og kva som er anstendig språkbruk stadig vert flytta.
Vi har fått ein stadig tøffare språkbruk i det politiske ordskiftet som gjer debattane meir polariserande og stigmatiserande. Dette er uheldig og medverkar til at dei politiske ulikheitene ikkje kjem fram og gjer det vanskelegare for folk å ta stilling. I ytterste konsekvens fører dette til auka politikarforakt og at demokratiet og folkestyret tapar.
I norsk politikk ser det no ut til at det er blitt heilt akseptabelt å komme med påstandar om politiske motstandarar som gjerne bryt med både folkeskikk og eit menneskesyn som dei fleste av oss ønskjer å holde i hevd. Denne kulturendringa har gradvis fått sitt innpass i løpet av dei siste åra, og er velsigna av vår øvste demokratiske leiar; Statsministeren. Ved å behalde Listhaug i regjeringa, fornye tilliten, og attpåtil gje Listhaug fleire og større oppgåver og ansvarsområde, syner Statsministeren at den nye retorikken og språkbruken er velkomen i norsk politikk.