Meny
Rusreform

Førebygging er å hjelpe rusbrukarar

Regjeringa har nyleg lagt fram sitt forslag rusreform, og i vår skal Stortinget ta stilling til kva som skal vere framtidas ruspolitikk. Alle partia på Stortinget er einige om at rusavhengige skal hjelpast, ikkje straffast. Dette er riktig og viktig. Senterpartiet har lenge vore i mot å straffeforfølge rusavhengige. Usemja kring rusreforma handlar ikkje om korleis vi skal møte rusavhengige. Usemja handlar om korleis vi skal møte dei som ikkje er avhengige.

Vi meiner at tunge rusmisbrukarar som treng hjelp, og ungdom og andre som eksperimenterer med narkotika, treng ulik oppfølging. I sitt forslag går Regjeringa inn for ei generell avkriminalisering av narkotika, som inneber å fjerne omlag alle forpliktande sanksjonar mot dei som ikkje er avhengige. Forpliktande tiltak som vert praktisert med gode resultat i dag, skal erstattast med eit uprøvd system kor ansvaret fell på kommunane.

Politisjefen i Sogn og Fjordane er ein av fleire som er uroa for kva Regjeringa sitt forslag betyr for verktøya ein har til å drive førebyggande arbeid. Vi deler denne uroa. Det er vanskeleg å forstå korleis norsk ruspolitikk vert meir human av at ein tillet unge å gå rundt med store dosar av skadelege stoff utan å møte det med forpliktande sanksjonar.

Forslaget til rusreform framstår som eit sosialt eksperiment, der våre born og unge er forsøkskaninane. Lovverket vårt påverkar den allmenne aksepten for narkotika i samfunnet, og utan reelle sanksjonar vil ikkje narkotika bli oppfatta som ulovleg. Vi vil òg understreke at vi meiner at målet ikkje er å straffe, men å ha moglegheit til å førebygge og følge opp.

Senterpartiet meiner at vi må styrke det førebyggande arbeidet, og at ein i større grad må utnytte samhandling mellom ressursane som driv førebyggande arbeid. Ei viktig nøkkelrolle som kan nemnast er helsesjukepleiarar, som har ei heilskapleg rolle innan psykisk helse for born og unge. Og om det førebyggande arbeidet i større grad skal overlatast til kommunane, føreset dette auka ressursar.

Kva generell avkriminalisering og mindre forpliktande tiltak vil bety for rusforbruket i Noreg, er i beste fall omstridt. Politiske vedtak som påverkar folk sine liv og helse bør ikkje fattast i usikkerheit. Det er det fullt mogleg å hjelpe rusavhengige, utan å avkriminalisere narkotika for alle. Det overordna målet med norsk ruspolitikk må vere at færrast mogleg utviklar rusproblem. Å ufarleggjere vegen inn til avhengigheit er eit steg i feil retning.

 

Kristin Rundsveen Bøtun

7. kandidat stortingsvallista, Sogn og Fjordane Senterparti

 

Emma Berge Ness

Ungdomskandidat stortingsvallista, Sogn og Fjordane Senterparti