Meny

Full siger til Senterpartiet

«Eg er utruleg glad for at fylkestinget i Vestland la vekk framlegget frå Anne Gine Hestetun (Ap) om at Fylkestinget i Vestland fylkeskommune ynskjer samanslåing med Rogaland fylkeskommune. Det seier fylkesleiar Sigurd Reksnes i Sogn og Fjordane Senterparti.

«Med nye forhandlingar med Rogaland så måtte all lokalisering av alle fylkeskommunale funksjonar og arbeidsplassar forhandlast om, og fordelast på nytt. Eg trur at Sogn og Fjordane hadde blitt ståande igjen som den store taparen, der det meste hadde blitt fordelt mellom Bergen og Stavanger.  «Det ville vere veldig synd for dei sterke offentlege forvaltningsmiljøa vi har i Sogn og Fjordane, og ei tapping av distrikta for offentlege arbeidsplassar».

Eg har ingen tru på eit så stort fylke, dette kunne blitt ei enorm sentralisering vekk frå dagens Sogn og Fjordane, seier Reksnes.

Regionreforma har  ikkje innfridd nokon av forventningane om nye oppgåver til fylka, og at dette skulle vere ei demokratireform. I Viken og i Troms og Finnmark så vil dei sende søknad om oppløysing etter stortingsvalet i 2021. Heile reforma er i spel, og Ap leiar Jonas Gahr Støre har signalisert at han vil støtte oppløysing av dei fylka som ber om dette.

Ein skulle trur at dei som gjekk i bresjen for regionreforma, Hestetun inkludert, ville ha fokuset på å innfri eigne lovnader, og berge reforma. Det er oppsiktsvekkande at Hestetun no ville i gang med nye forhandlingar. Konsekvensen av dette ville ha vore at all energi, både politisk og administrativt, hadde gått med til interne prosessar og krangling om fordeling av arbeidsplassar og funksjonar dei neste fire åra.