Gå til hovedinnhold

Fylkestinget: Innlegg til sak om kjøp av rutetenester

Sogn og Fjordane fylkeskommune er først i Norge til å be om nullutslepp på nye båtrutekjøp, og det skal vi vere stolte av.

Vi brukar i dag 127 mill til rutekjøp – i økonomiplana vi har lagt inn ytterlegare auke opp til 232 millioner for å møte det grøne skiftet.

Det vil seie at vi fylkespolitikarar har omfordelt midlar og  bevilga ekstra midlar for at vi skal få gjennomført dette  -   og det er gledeleg å registrere at fleire aktørar i markedet no jobbar aktivt for å komme i posisjon og vere klare med løysingar til vi lyser ut vårt anbud 20 oktober 2019.

Men fylkesordførar – det er ein gong slik at dette kan ikkje fylkeskommuna klare åleine – her må stat og regjering inn med midlar for å få gjennomført dette.

Regjeringa vil i revidert statsbudsjett føreslå  å bevilge 24 millioner kroner som skal deles ut til fylkeskommuner for å framskynde utviklingen av klimavennlige hurtigbåter -  dette er vel og bra – men sidan Sogn og Fjordane fylkeskommune er langt framme i dette arbeidet – må dette tiltaket få tilbakevirkande kraft om vi skal kunne nytte av oss-  det sidan vi skal sende ut vårt anbud 20 oktober og desse midlane skal tildelast i november,  så må vi ha mulighet til å søkje støtte på arbeidet som vi allereie har gjort.

Samtidig må vi ta inn over oss at vi har ei økonomisk ramme – og at pengane ikkje kan brukast meir enn ein gong -  det vil sei at dei pengane vi har skal dekke både det som går på utslepp – miljø og universell utforming og at der også er att pengar til sjølve rutekjøpet .

Primæroppgåva vår er å sikre rutetilbod til dei fastbuande  i fylket  og i tillegg ser vi at dei faste rutene våre også blir brukt av mange i reiselivssamanheng der for eksempel  hovedutvalg for næring er inne og støttar opp økonomisk i enktelte tilfeller , og det er viktig for folk som bur på øyane i Sogn og Fjordane at dei har eit rutetilbod som gjer at dei kan fortsette å bu akkurat der dei vil.