Meny

Generaldebatt Landsmøte 2019

Her kan du lese innlegga til våre delegatar i generaldebatten på landsmøtet 2019. 

Emma Berge Ness, sentralstyremedlem i Senterungdommen. 

Vyrde landsmøte,

Då eg gjekk på barneskulen, fekk det mykje merksemd om nokon kom på skulen med gips på foten. Å handtere fysisk smerte viser styrke.
Det var aldri nokon som kom på skulen og fortalte om vanskelege tankar og følelsar. Å håndtere psykisk smerte er desverre noko ein altfor ofte tenke at ein må gjere åleine, i frykt for å vise svakhet.

Det er ildt for meg å sjå venna som jobba for mykje, og søve for lite. Det er ildt å måtte trøste dei som aldri kan føle seg bra nok, i ein evig kamp mot å bli best.
I følge tal frå folkehelseinstituttet, er det rundt 600 menneske som årleg vel å avslutte sitt eige liv. Ingenting er meir ildt enn det.

Psykiske plagar er ei av våre største samfunnsutfordringar.
Verdens helseorganisasjon anslår at nettopp det vil bli den største årsaka til sjukdomsbelsastning framover.
Den meste utsette gruppa, er ungdomen. Framtida. Vi som skal vakse opp og bli lærarar, sjukepleiarar og partileiarar. Vi som skal ta vare på landet. Vi må dessuten ta vare oss sjølv, og vi må ta vare kvarandre.

Senterungdomen ønskjer ein nasjonal dugnad for psykisk helse.
Vi må få ned terskelen for å snakke om, og få hjelp med, psykiske plagar.

Eit viktig steg i riktig retning, vil vere å gje alle elevar i alderen 12-19 år ei årleg samtale med helsesjukepleiar eller nokon med tilsvarande kompetanse.

Ved å sikre alle ein fot innafor døra, garantera vi at ingen blir ståande utanfor. Dette vil ha ein livsviktig førebyggande effekt, samstundes som det gjev ei unik moglegheit til å fange opp dei som allereie slit.

Samfunnet har gitt oss kroppspress, karakterpress og prestasjonsangst. Det er på tide vi aktivt møter desse utfordringane med løysingar.

Gjennom tidleg innsats og forebygging, kan vi redde liv. Vi kan gje framtidstru og framtidshåp. At det i tillegg vil gje mindre utgifter, er fint.

——-

Liv Signe Navarsete - stortingsrepresentant. 

Verdsorden er i uorden.

Spenningar veks mellom aust og vest, men også i mange regionale konflikter. Noreg må styrke forsvaret av landet vårt og sikre beredskapen nær folk. Totalforsvaret skal rustast opp reelt, ikkjeberre i festtalar. Senterpartiet skal sikre 2 prosent av BNP til forsvar og investere i både kapabilitetar,men ikkje minst i menneske. Denne delen av forsvaret kjem me attende til resolusjonsdebatten.

Men landsmøte, lat meg slå fast; Senterpartiet er forsvars- og beredskapsparti nr 1 i Noreg i dag. Og me er temmeleg åleine i den ligaen for tida:-) 

 

SP vil og så at Noreg skal vere ein god alliert i Nato, fordi tryggleiken vår avheng av det. Og global sikkerheit har fleire dimensjonar enn opprusting og krig.  På haustsesjonen til Nato sin Parlamentarikarforsamling, Nato PA,  snakka tidlegare sikkerheitsrådgjevar for US Intelligence Community i 30 år, CarolDumain, om korleis klimaendringane - sjølv om me greier å haldedei innanfor 1,4 prosentmålet - vil føre til destabilisering av samfunn og regionar, mangedobling av flyktningar, svolt, fattigdom og sterkt veksande migrasjon. Ved sida av atomkrig utgjer klimaendringane det største trugsmålet mot vår eigen sivilisasjon, var hennar konklusjon. Det var ikkje ein einaste parlamentarikar i forsamlinga som protesterte.

 

Dagens framveksande klimakatastrofe må sjåast som eit globalt sikkerheitstrugsmål som krev endring i våre tradisjonelle tenke-og handlemåtar. 

Kvifor? Fordi kamp om vassressursar alt gir regionale konflikterog er spådd å bli den neste store globale konflikta. Fordi flaum og turke vil gjere store område om til sjø og ørken.  Medan folketalet i verda aukar til  nærare 10 mrd i 2050 iflg nyare FN-tal vil dyrkbare område og matproduksjon gå dramatisk ned. I Nato PA-møta er klima og matberedskap no sett på dagsorden. Fordi me veit at matmangel destabiliserer samfunn i dag slik det har gjort det i alle tider. Men på Stortinget er det klin umuleg å få Høgre og regjeringa med på ein slik debatt.

Landsmøte,

I dag demonstrerer tusenvis av ungdomar for framtida si. Og ber oss ta ansvar og gjere dei rette grepa i dag slik at dei og deira born også skal ha ein god morgondag.  Eg er glad for å vera på lag med dei og med vår eigen flotte Senterungdom. På lag med dei som har teke av seg skylappane og veit at me må ta tunge grep og byggje brua frå det fossile til det fornybare samfunnet. Bruke dagens teknologi til å gjere Noreg verdsleiande på leveransar til fornybar energi og industri. Men då må staten medverke, på same måte som Noreg brukte milliardar på å utvikle oljeteknologien på 70-talet.   Me må drive skogen aktivt, bygge havvindmøller, ta vare på matjorda, dyrke meir mat,  sikre matberedskap lokalt og globalt og produsere all mat me kan i Noreg frå både land og hav. 

Slik gir me også eit bidrag til den globale tryggleiken. Og Senterpartiet skal vere ein sterk pådrivar.

Det skuldar me våre etterkomarar. 

———————-

Sigurd Reksnes, fylkesleiar Sogn og Fjordane Senterparti 

Lik nettleige i heile landet

I det vakre landet vårt kjem der miljøvenleg vasskraft utover kvar einaste berghammar. Og,vi har ein vêrhard kyst med sterk vind året rundt. Dette vil vi gjerne  bygge ut til rein energi.

Merkeleg nok, er det dei fastbuande i våre småsamfunn som må ta kostnaden med ny kraftutbygging som vert storsamfunnet til del.

I store delar av landet betalar innbyggjarane ei nettleige som er fleire tusen kroner høgare enn der den er lågast. Det skuldast dels at vi bur spreidd og har ein krevjande natur. Men mykje av grunnen er også at det vert bygd ut ny storenergiproduksjon.

Berre i Sogn og Fjordane har det blitt investertover ein milliard i ny kraftproduksjon dei siste åra. Situasjonen i dag er at innbyggjarane i Sogn og Fjordane må ta rekninga for at det dåmå byggjast ut nytt kraftnett, sjølv om krafta vert eksportert ut av fylket.

Energilova seier at kundane i kvart konsesjonsområde (les: nettselskap) skal betale kostnadane ved etablering og drift av nett. Dette er ein openberr systemfeil. Distrikta har gått frå å ha den rimelegaste samla straumrekninga til å vere dei som betalar mest når ein legg saman nettleiga og straumprisen.

Og eg spør, kvifor straffe dei som bur nærast krafta? Det er ingen logikk i at dei som bur nærast kraftproduksjonen, skal vere dei som betalar for at den same krafta vert transportert vekk til andre områder i landet.

Og, det er fullt mogeleg å jamne ut nettleiga på ein enkel og ubyråkratisk måte. Det har blitt spelt inn fleire modellar til regjeringa på dette.Og vi veit at 2-3 øre pr kwt vil vere nok til å få jamna ut nettleiga i heile landet.

Kundane fortener ikkje dei store forskjellane i nettleige, og for næringslivet er dettekonkurransevridande.

Forenkelte næringsverksemder kan detteutgjere fleire hundre tusen kroner per år.

Fornybarsatsinga, og verdiskapinga den gir, er viktig for heile landet.

Og skal vi lukkast med å omstille oss til fornybarsamfunnet, så må det byggast ut enno meir fornybar energi i åra framover

Men det vert berre så feil ,når det er dei som får miljøbelastninga med store utbyggingar innpå seg, også skal vere dei som betalar rekninga for å få krafta nett, ei kraft som dei sjølv ikkje brukar.

Her vil Senterpartiet på Stortinget vere pådrivar for å få på plass eit rettferdig opplegg som sikrar lik nettleige i heile landet.