Meny

Gode lærarar er den viktigaste faktoren for ein god skule

Når det gjeld skulepolitikk er det fleire faktorar som er viktige. Ein god lærar for elevane er den viktigaste faktoren, og for Senterpartiet er ei satsing på læraren, ei satsing på skulen. 

Tala syner at søkarar til lærarutdanninga går ned. Frå noverande regjering er det gjort mange forsøk på å løfte læraryrket. Dessverre er det starta i feil ende. Å innføre krav om 4 i matte for å kunne starte på lærarutdanning er ikkje eit steg i riktig retning. Det er uheldig at regjeringa meiner at komande norsklærarar og samfunnsfaglærarar er nøydd å ha 4 i matematikk frå vidaregåande. På grunn av dette regide kravet går me glipp av mange dyktige lærarar. Dette er særleg uheldig når ein ser lærarmangelen, og ser delen ukvalifiserte lærarar i skulen.

Som om ikkje dette var nok, vedtek regjeringa også å legge ned studiestadar der studentane går ei av landets viktigaste utdanningar, og sikrar seg eit av landets viktigaste yrker. For SP er det viktig at det er tilgang på studieplassar der folk bur. Når studiestadar vert lagt ned, vert det dårlegare tilgang på moglegheitene for å utdanne seg til blant anna læraryrket. Dette vil Senterpartiet snu, og heller byggje opp studieplassar der regjeringa legg dei ned.

Senterpartiet har tillit til dei som veit kvar skoen trykker. Senterpartiet har tillit til landets lærarar og tilsette i skulen, og vil gje dei meir tid i klasserommet og mindre tid til skjema og rapportering. Det vil gje lærarane betre tid til å sjå elevane, og hjelpe elevane både fagleg og sosialt. Det er det som er den viktigaste oppgåva til lærarane, og då må lærarane få tid til å utføre det.

Senterpartiet meiner ein god skule startar med ein god lærar. Det hjelp ikkje med regid 4-ar krav i matematikk, når ein har lærarmangel og ikkje klarar å rekruttere lærarar. Senterpartiet vil vidare arbeide for å styrke kommunane og fylka sin økonomi, slik at dei kan satse på mange, gode lærarar framover. Ein god skulepolitikk startar med ein god lærar.

- Hilde Horpen, fylkestingsrepresentant og stortingskandidat