Meny

Godt skuletilbod i heile fylket

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti vil ha eit breitt og godt tilbod i vidaregåande skule over heile landet slik at flest mogeleg får høve til å bu heime medan dei tek vidaregåande utdanning.  Skal alle få eit slikt utdanningstilbod må det leggjast til rette for dette.  Om regjeringa får gjennomslag for sitt forslag om fritt skuleval i vgs, vil det vere øydeleggande for gode lokale utdanningstilbod i heile landet.

Forslaget gir rett til fritt val av skule over fylkesgrensene, og elevane kan difor søke uavhengig av geografi.  Det gjev også rett til gjesteelevgaranti og at fylket får ei finansieringsplikt dersom ein elev får skuleplass i eit anna fylke, sjølv om heimfylket har eit tilsvarande tilbod.  I hovudsak vil ein utvida rett gjennom fritt skuleval mest truleg vil føre til mindre elevar i eigne tilbod og ein vesentleg auke i kostnad til gjesteelevar.  Fylka kan få dimensjoneringsutfordringar for undervisningstilbodet om mange vel skular utanfor fylket.  Det gjeld særleg distriktsfylke med relativt lågt elevgrunnlag og lange avstandar og mange hybelbuarar.

 Fylkeskommunen er avhengig av forutsigbarheit for å behalde eit mangfaldig og desentralisert tilbod.  Fritt skuleval gir friare flyt av elevar i fylka som kan føre til både kapasitetsmangel og elevmangel avhengig av kva skular som er regna som attraktive og ikkje.  Når fylka no også blir til større regionar, vil denne skeivfordelinga bli tydelegare.

 Konsekvensane av fritt skuleval kan bli at skuletilbodet forsvinn frå distrikta og at det oppstår A- og B-skular.  Om elevar vel seg vekk frå dei lokale skulane, vil elevgrunnlaget enkelte plassar verte for tynt til at skuletilbodet kan oppretthaldast.  Dette vil gå utover dei elevane som ønskjer å gå på dei lokale skulane, eller dei som ikkje har mogelegheit til å flytte på hybel, og at elevane med dei svakaste karakterane vert tvinga til å flytte på hybel.  Moglegheita til å kunne gå på skule og ha eit skuletilbod i nærleiken av der ein bur er grunnleggande viktig.  Det er nettopp denne fridomen «fritt skuleval» truar.

 Årsmøtet i Sogn og Fjordane peikar på at det i nokre tilfelle er geografiske tilhøve som gjer at elevar ikkje får gå på skulen som ligg nærast heimen.  Dette gjer at desse får lengre reiseveg enn dei kunne hatt.  Senterpartiet meiner difor at det er rimeleg at elevar som er nærare skular i andre fylker, bør kunne nytte seg av det næraste tilbodet.  Sogn og Fjordane har gode erfaringar frå avtalar med andre fylke for elevar i slike område, og desse avtalane må vidareførast og nyttast aktivt.

 Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti seier som hovudregel nei til fritt skuleval, men er samstundes opptekne av fleksibilitet for å sikre gode lokale løysingar og at eleven får gå på skule i sitt nærmiljø.

Vedtatt av fylkesårsmøtet 4.mars 2018, Balestrand.