Dette er ein veldig god plan som tek tak i utfordringar som er vanskelege å handtere i samfunnet vi lever i i dag.
Radikalisering utviklar seg innanfor rammene av ytringsfridomen, og er grobotn for ekstreme haldningar som kan lede til vald. Det er ei utfordring vi må leve med i eit demokratisk samfunn, men vi kan møte radikalisering med gode sikkerheitsnett. For fylkeskommunen er den vidaregåande skulen ei av første linjene der vi kan fange opp radikalisering. Derfor er det viktig at vi rustar personalet i skulen til å kunne handtere dette, til dømes elevar som utviklar radikale tendensar.
Handlingsplanen har, som første tiltak i perioden, at lærarar og andre tilsette i skulen skal kunne få kurs i forebygging av radikalisering.
Handlingsplanen legg opp til at fylkeskommunen si ressursgruppe skal koordinere med viktige samfunnsinstitusjonar,-frå kommunar, til politi til direktorat. Det blir viktig at dette er eit område som fylkeskommunen og samarbeidspartnarane våre vel å prioritere, for seg i mellom kan ein klare å fange opp uheldige utviklingar, både hjå enkeltpersonar, men også samfunnstendensar, tidleg.
Eit metaforisk eksempel på det førebyggande arbeidet i samarbeidet mellom partnerane i handlingsplanen, er eit fotballag. Om det er mistanke om at ein person er i ferd med å bli radikalisert, må fotballaget jobbe ilag. Lærar, sosialarbeidarar og trenarar er typiske «forsvarspelarar» som skal prøve å sparke ballen mot andre sida av bana. Om utviklinga går feil veg møter ein Politiet/PST som «målvakta». Det er som kjent mykje som føregår før keeper'n har ballen, og mange aktørar som må jobbe i lag og kommunisere godt.
Vi har alle sett kva radikalisering, både i Noreg og i utlandet kan føre til. Valdeleg terror er det verste eksempelet. Men netthat, utanforskap og hatkriminalitet er utfordringar vi må handtere nærmast i det daglege i Noreg, og vi kan og sjå eksempel på det i vårt eige fylke. Det er all grunn til at vi og skal ta radikalisering på alvor. Eit steg i rett retning er å vedta denne planen i dag, men vi må ikkje tru at det er det einaste steget vi treng å ta.
- Erlend Haugen Herstad, Fylkestingsrepresentant Senterpartiet.