Meny

Hemsedal – det rette valet!

Uttale frå fylkesstyret Senterpartiet Sogn og Fjordane

Avgjerda om vegval mellom Aust- og Vestlandet er varsla frå regjeringa måndag 20. mars 2017.  Senterpartiet i Sogn og Fjordane har ei klar forventning om at Rv52 Hemsedalsfjellet vert vald som eit av to hovudsamband.

Statens vegvesen har utgreidd saka i to omgangar, begge rapportane har klart konkludert med at Rv 52 har størst nytte for samfunnet.  Hovudformålet med vegen er å byggje landsdelane saman og det er naturleg at mykje av framtidige investeringar vert gjort langs vegtraseen. 

 

I Sogn og Fjordane er det mange bedrifter med stor grad av eksportretta produksjon, me er ein stor produsent av landbruksprodukt, fisk og industrivarer.  I tillegg er reiselivet ei viktig næring som gjev mange arbeidsplassar. Skal desse verksemdene vere konkurransedyktige treng me gode vegsamband.

Uttale frå fylkesstyret Senterpartiet Sogn og Fjordane 17. mars 2017