Meny

Industri i fornybare Vestland

Erlend Haugen Herstad

Vestland er fullt av moglegheiter! Det nye fylket kan ta posisjon på nærmast alle områder ein ønsker, frå teknologar i Fjaler, bønder i Gloppen, til kaksar i Bergen har ein muligheit til å både produsere, investere og skape åtgaum for framtida.

Eitt av felta vi verkeleg kan få til og bli store på, er kombinasjonen energi i fornybare energikjelder, frå fjell til kyst, til industri-produksjon.

 

Vi kan skape industriprodukt, som vi med sjølvsikkerheit og stoltheit kan vere visse om ikkje har utgangspunkt i eit kolkraftverk eller ein atomreaktor i nabolaget vårt har skapt forutsetningane for. I staden er det trygge energikjelder med minimalt fotavtrykk som produserer straumen vi treng for vår industri. Vi sit med ein av nøklane til verda sitt grøne skifte.

 

Når vi snakkar om grøn industri så ser vi framleis for oss den store industritomta , med god infrastruktur mot veg og mot sjø. Med ein svær fabrikk med stor produksjon av industrivarer, alt frå leveringsklar aluminium, til metall- konstruksjonar og komponentar. Frå havvindmøller, elbussar og høghusmodular.

 

Forskjellen på vår industri i Vestland og det som skjer elles i verda, er at vi skal ligge lengst framme på teknologi, og ikkje minst lengst framme på bruken og tilrettelegginga for grønenergi til industrien.

 

Stem Senterpartiet og få representantar med både visjon for framtida og bakkekontakt.