Meny

Innlegg om båtanbod - Fylkesting vår 2019

Fylkeskommunen er ein stor kjøpar av rutetenester med båt i fylket vårt, og desse båtrutene betyr utruleg mykje for oss alle, ikkje minst dei som bur langs kysten og innover i fjordane våre. Vi tek no stilling til kjøp av ruter med oppstart mai 2022.

Anbodsregimet er krevjande og strengt regulert, noko som krev at me har ein administrasjon som er ryddige og kan sitt fag, og det opplever eg verkeleg at dei har. I eit slikt anbodsregime er det viktig å finne balansen mellom kva me som politikarar og administrasjonen skal handtere i ein slik prosess.

I Samferdsleutvalet har det vore ein god gjennomgang av føresetnadane i det kjøpet me no skal gjere, og etter møtet der kom det eit klart ynskje om å delta noko meir aktivt i prosessen vidare fram mot utsending av konkurransegrunnlaget 20 november. Det er difor no lagt opp til at saka skal attende til Samferdsleutvalet både i juni og oktober.

Senterpartiet er og samde i dei endringar lagt inn frå FU.
Denne saka har og ei historie; 7 av oss var med på saka om minstetilbod til øyar og veglause grender i 2010, grundig gjennomgang, for fastbuande – ikkje feriegjester, krevjande situasjon å vere utan veg.

Det skal vere viktige rundar med kommunane slik at ein sikrar at dei får koma med sine innspel, og at me kan få justere oss om det er klare manglar i det grunnlaget som er utarbeidd.
Eit viktig moment i det grunnlaget som no vert lyst ut er at det er høve til å justere tilbodet dersom det kjem opp endringar i stoppestader, ruter og anna infrastruktur. Det skal mellom anna utgreiast ei mogleg endring av stoppestad for ekspressbåtane våre i Solund.
I denne saka er det tre viktige dimensjonar, nemleg tilbodet til innbyggjarane og næringslivet vårt, kostnader og miljø/klima.

Ein kan auke tilbodet til innbyggjarane og ein kan velje dyre løysingar, men so lenge staten ikkje kompenserer tilstrekkeleg for klimatilpassing eller infrastruktur i vårt grisgrendte fylke, so er det faktisk avgrensingar økonomisk. Fylkes har sin samla økonomi, og det skal gjevast tilbod både til vidaregåande skular og andre tiltak i fylket vårt.

Når det gjeld klima og miljø-perspektivet vil eg seie at Fylkeskommunen gjennom kjøp av buss, båt og ferjetenester sjølvsagt må vere veldig bevisst på målsetjinga om å redusere utslepp i størst mogleg grad.

Fylkeskommunen tek store steg gjennom føringar lagt i RTP, og krav til 30 % reduksjon. Og saka som no ligg føre tek verkeleg klima og miljø på alvor.
So skal eg nytte høvet til å gje ros til eit spesielt medlem i Samferdsleutvalet. Stein Malkenes har verkeleg bidrege til å dra Samferdsleutvalet i ein meir klimavenleg retning, også i denne saka, og han har bidrege med kunnskap på fleire område. Gjennom diskusjonane i utvalet har vi funne gode løysingar. Senterpartiet meiner saka slik ho no ligg føre treff godt, og at vi strekker oss so langt som vi kan på noverande tidspunkt, med den teknologi som er tilgjengeleg og innanfor økonomisk forsvarlege grenser.

Eit av innspela som kom frå HS, er at det vart lagt inn eit nytt pkt 3 der Fylkestinget i juni vil få utgreidd ei vidare satsing på nullutslepp for hurtigbåtar, med mulig pilot på ei eller fleire ruter i fylket vårt.
Prosessen vidare vil gje oss svar på i kor stor grad utlysinga vil utfordre oss økonomisk. Det er lagt inn ein auke i økonomiplanperioden som skal ta høgde for auke i kostnader, men det er sjølvsagt usikkert om dette er tilstrekkeleg.

Me gjer i dag eit framtidsretta vedtak for innbyggjarane våre der, slik det står i vedtakspunkt nr 1, klima, miljø og universell utforming vert teke omsyn til. I tillegg vonar eg at det i framtida vert båtruter som innbyr til å få fleire reisande, med høg comfort og gode rutetilbod for våre innbyggjarar.

- Arnstein Menes, Fylkestingsrepresentant.