Meny

Ja til sjølvråderett – nei til ACER

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti meiner Noreg framleis skal ha full sjølvråderett og styring av kraftressursane. Regjeringa har fremma 3 proposisjonar for Stortinget om innlemming av EU sin tredje marknadspakke for energi. Eit av dei mest kontroversielle tiltaka er Noreg si deltaking i det europeiske energibyrået ACER (Agency for the Cooperation of Energy Regulators).

 

ACER vart oppretta i 2009 og skal styre og kontrollere omsetnaden av energi. Målet er at all energi skal styrast av marknaden og flyte fritt over landegrensene. Nasjonale omsyn skal ikkje takast. Det er regulatorane som sit i ACER, det vil sei NVE, frå Noreg. NVE får delta, men får ikkje stemmerett. I praksis fører dette til at vi overfører all råderett over norske naturressursar til EU. I retur får vi straumprisar på europeisk nivå.

 

Noreg er bygd opp på tilgang til billig og evigvarande vasskraft. Innlemming i ACER fører til at vi misser styringa av stabil og billig kraft til eigen industri. Låge kraftprisar er det største konkurransefortrinnet til norsk industri, og den kraftkrevjande industrien vår utgjer ein stor del av norsk eksport. Høgare straumprisar og usikker tilgang, vil kunne skade mange av våre hjørnesteinsbedrifter.

 

Konsesjonslovene sikrar norsk råderett over vasskraft og andre naturressursar. Dei nasjonale ressursane har sidan 1905 vore under streng, demokratisk kontroll. Prinsippet om nasjonalt eigarskap vart lagt til grunn då olje- og gasspolitikken vart utforma på 1960-talet. Det har vore eit grunnprinsipp at andre statar eller unionar ikkje skal kunne styre over Noreg og lage lover som skal gjelde i Noreg.

 

Stortinget har likevel høve til å overføre mynde til internasjonale organ der Noreg er medlem, til dømes EØS. Grunnlova § 115 krev i slike høve kvalifisert fleirtal (3/4). Regjeringa ynskjer derimot å nytte §26 som kun krev vanleg fleirtal. Denne paragrafen er tenkt å berre nyttast i unntakshøve der det er snakk om ”lite inngripande myndeoverføring”. Årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti meiner at å gje frå seg råderetten over norske naturressursar for all framtid på ingen måte kan definerast som lite inngripande og set som eit minstekrav at Stortinget følgjer Grunnlova i dette høvet.

 

Vedteken uttale frå fylkesårsmøte SP Sfj 4. mars 2018, Balestrand.