Meny
Bli medlem

Ja til Sogn og Fjordane

Sist endret: 10.09.2021 #Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane er eige valdistrikt ved stortingsvalet i 2021. Eg har ikkje høyrt noko parti i denne valkampen som har teke til orde for å slå oss saman med Hordland og slutte å velje eigne representantar frå Sogn og Fjordane. Det er bra.

Eit vaklevorent stortingsfleirtal med Høgre og Frp i spissen vedtok 08.06.2017 ei reform der tal regionar vart redusert frå 19 til 11. Sogn og Fjordane vart slått saman med Hordaland med verknad frå 1.1.2020. Krav om nye oppgåver og større politisk og økonomisk handlefridom vart overkøyrd. Me er mange som meiner det ikkje var særskild framtidsretta og nytenkjande å gå tilbake til grensene me hadde frå middelalderen (Bergenshus Amt) og fram til 1773. Det nye fylket er geografisk stort, avstanden til innbyggjarane vert lenger og det vert meir byråkratisk og tungdrive. Ei god politisk leiing i Vestland kan ikkje oppheve geografi og avstandar.

Me treng eit nytt stortingsfleirtal frå å snu den sentraliseringspolitikken som har vorte ført dei 8 siste åra med Høgre og Frp i spissen. Eg er overtydd om at eit nytt stortingsfleirtal vil vedta oppløysing av Finnmark/Troms og Viken, og at dei fem fylka som vert gjenoppretta vil få ein trygg økonomi til å løyse sine oppgåver. Samstundes er absolutt alle argument for regionreforma knust i tusen bitar. Alle må med opne auge vurdere den situasjonen som då oppstår. Motargumentet om at ei oppløysing ikkje er realistisk, vil eg såleis avvise. Ei oppløysing er realistisk om folket vil det.

Eit anna argument som ikkje minst Høgre brukar, er at me treng ro om fylkeskommunen. Men det Høgre ikkje seier høgt er at dei (og Frp) har programfesta at dei vil avvikle fylkeskommunen i perioden 2021-25. Ei nedlegging vil sjølvsagt føre til lagt større uro, langt større endringar for tilsette og langt større behov for utgreiingar enn å løyse opp Vestland med verknad frå 01.01.2023.

Kva så med økonomi? Det vert hevda at alle pengane er brukt opp, Sogn og Fjordane er blitt håplaust forgjelda på få år, og me må leve på allmisser frå gamle Hordaland i åra som kjem. Men både kommunar og fylkeskommunar får nye inntekter kvart år. Rammene og systemet for fordeling vert fastsett av stortingsfleirtalet. Senterpartiet skal sjølvsagt gjere sitt for å sikre folk i Sogn og Fjordane godt utbygd infrastruktur og gode tenester i framtida.

Eg ynskjer at alle parti kunne seie JA til ei folkerøysting om saka. Då kan dei som er usamde med meg argumentere for sitt syn. Dersom dei meiner argumenta deira er så gode som sjølsikkerheita tyder på, burde det vere ei grei sak å seie ja til ei folkerøysting. Men eg synes det er underleg at mange i samband med eit stortingsval, er så opptekne av å seie at folk ikkje har noko val. For meg er det ein sjølsagt del av demokratiet at folk gjennom endring av Stortinget si samansetjing, også kan få ei endring i politikken.

- Steinar Ness