Meny

Jordbruket må få høve til ekstra forhandlingar i 2020!

Sogn og Fjordane Senterparti meiner at staten bør invitere til nye jordbruksforhandlingar til hausten. 

Tal frå budsjettnemnda syner at jordbruket ikkje har hatt inntektsvekst i det heile, og ​er tilbake på ​same nivå ​som i 2015. ​ Dette er i sterk kontrast til ​inntektsutviklinga i resten av samfunnet dei siste åra.  Til liks med mange andre næringar er jordbruksnæringa inne i ein særs krevjande situasjon – ein situasjon jordbruket har vore i gjennom fleire år.  Det er difor naudsynt at jordbruket får moglegheiter for å forhandle om inntektsmoglegheiter også i eit særs usikkert og ekstraordinært år som 2020. ​

 

Regjeringa og landbruks- og matministeren må ta ansvaret sitt for å sikre nasjonal beredskap og matforsyning.  Med ein global pandemi der usikkerheita rår og nasjonane må sørgje for eigne innbyggarar, er det viktig å sørge for norsk matproduksjon.