Meny
Fylkesleiar Sigurd Erlend Reksnes

Fylkesleiar sitt innlegg på Landsmøte

Kjære landsmøte!

Tusen takk til Trygve for ei fantastisk flott tale, og til programkomiteen med Marit i spissen for godt arbeid!

Senterpartiet vil  ha tenester nær folk, verne om folkestyret, ha norsk eigarskap til naturressursane, og vi vil ha ei samfunnsutvikling som ikkje skapar større sosiale og geografiske skilnader mellom folk . 

Dette er ein politikk som passar godt til Sogn og Fjordane. Eit område som er rikt på ressursar, men som også treng politisk vilje  for å ta i bruk moglegheitene til verdiskaping.

Desverre så har vi hatt ei høgredominert regjering i åtte år, som har gjort alt  dei har kunna for å sentralisere vekk viktige tenester og arbeidsplassar. Dette kan ikkje halde fram, og derfor treng landet ei ny Senterparti regjering, som vil legge til rette for verdiskaping og arbeidsplassar i heile landet.

Sogn og Fjordane Sp tek kampen for å få tilbake Sogn og Fjordane som eige fylke.

Planen er at ei ny regjering som Senterpartiet er ein del av, tek initiativ til at det vert gjennomført ei folkeavrøysting i Sogn og Fjordane der folket får seie si meining.

Om folk vil ha tilbake Sogn og Fjordane, så vil Senterpartiet følgje det rådet. Eg er veldig glad for at Sogn og Fjordane senterparti sitt syn er ivaretatt i det nye stortingsvalprogrammet.

Så over til samferdsel,

Høgre regjeringa har forandra samferdslepolitikken. No handlar det meste om trafikkmengd og kor mange  bilar som køyrer på ein veg i døgnet.

Når halvparten av samferdslebudsjettet i Noreg går med til jernbane, og når vegmidlane deretter skal fordelast etter trafikkmengd, så vert Sogn og Fjordane vist til å kjempe om smulane etter at alle andre har forsynt seg.

Vi må utvikle fleire kriteria for fordeling av vegpengar, der ein også tek større omsyn til verdiskaping og eksport.

Her er vi store på vestlandet, men det syner dessverre ikkje att på vegstandarden.

 Vi treng eit løft for vegane på Vestlandet, eit løft for rassikring, og vi må stanse forfallet på fylkesvegnettet vårt. Takk for meg