Meny

Ein klimatilpassa samferdslepolitikk for framtida

I Statens Vegvesen sitt framlegg til nasjonal transportplan som no er ute på høyring, så ligg det ikkje inne nokon større investeringar i tidlegare Sogn og Fjordane på riks og stamvegnettet. Sogn og Fjordane Senterparti krev at det det vert nytta kriterium for samfunnsnytte som gjer at Sogn og Fjordane som står for ein stor del av verdiskapinga,  også får ein større del av vegpengane. Jernbane reiser med halvparten av samferdsleinvesteringane i Noreg, områda i landet utan jernbane vert viste til å kjempe om smulane når resten av pengane skal fordelast.

Rassikring og klimatilpassing:

Sogn og Fjordane Senterparti er uroa over dei store utfordringane knytt til rassikring på fylkes og

riksvegnettet i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Senterparti er glad for at fleire rasfarlege område ligg inne i dagens NTP (E39 Våtedalen, E39 Skjærsura, Rv 5 Kjøsnesfjorden og Rv 13 Vik – Vangsnes). Vi meiner at ut frå dokumentert skredfaktor må i tillegg Rv 5 Førde – Florø  og Rv 15 over Strynefjellet sikrast. Ramma til skredsikring må aukast monaleg, og i samsvar med Nasjonal rassikringsgruppe sitt krav om at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot skred innan 2030.  Vestland fylke må ha om lag halvparten av desse midlane, om lag 40 milliardar kroner for å sikre vegar med høg og middels ras faktor.

 

Fylkesveg:

Sogn og Fjordane Senterparti meiner at forfallet på vegnettet må fjernast . Vedlikehaldet på fylkesvegnettet er viktig for trafikktryggleik, framkomst og for å møte klimautfordringane. Fylkesvegane er viktige tilførslevegar til stamvegane. Det er ikkje samsvar mellom rammene frå staten og behova fylka har. Ekstremvêr og øydeleggingar medfører auka kostnader, og det fører til dårlegare vedlikehald av fylkesvegnettet. Det trengs eit eige fylkesvegprogram som gjev rom for større investeringar på fylkesvegnettet og redusert forfall.

 

Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane må takast att dei neste 10 åra. Det vil vere det same ambisjonsnivået som statens vegvesen har spelt inn for riksvegane.

 

Riksveg:

Sogn og Fjordane Senterparti meiner at E39 må utbetrast til fullgod standard gjennom Sogn og Fjordane. Dette har vore eit prioritert vegprosjektet i fylket, og Stortinget slutta seg til denne ambisjonen. Utbygging med gul midtstripe frå sør til nord mellom fjordkryssingane må prioriterast. Bogstunnelen – Gaular grense og Lunde – Myrmel ligg inne i NTP, saman med strekninga Sandane-Byrkjelo. Desse prosjekta må vidareførast og leggast inn tidleg i NTP.  Fleire viktige prosjekt må inn i NTP i prioritert rekkefølge;

  • E39 Storehaug – Bruland (godkjent kommunedelplan)
  • E39 Bruland – Moskog  (godkjent kommunedelplan)
  • E39 Byrkjelo – Svarstad (Planarbeid pågår)

 

Sogn og Fjordane Senterparti meiner at Rv 52 over Hemsedalsfjellet vil vere den beste, raskaste og mest klima - og miljøvenlege løysinga for framtidig aust - vestsamband nord for Bergen. Fylkeskommunen har tidlegare støtta E134 over Haukeli, med arm til Bergen, som eit av to aust – vestsamband mellom Oslo og Bergen. Desse to traseane vil vera den beste løysinga for heile næringslivet på Vestlandet.

 

E16 er svært viktig for næringsliv og reisande frå indre deler av Sogn og Fjordane. Den dårlege og rasutsette strekninga mellom Bergen og Voss må prioriterast tidleg i NTP-perioden.

 

Strekninga Bergen –Sogndal med tunnel gjennom Vikafjellet på Rv 13 må prioriterast. Dette prosjektet vil sikre ein trygg heilårsveg mellom den mest folkerike delen i Vestland fylke og midtre Sogn

 

Rammene i NTP må aukast monaleg for å få inn prosjekt som utbetring av fleire delstrekningar på E39 og Rv5/52. Det må leggast vekt på at vi har eit svært omfattande og eksportretta næringsliv, som er avhengig av god infrastruktur.   

 

Ferjeavløysing:

Staten må legge til rette for at gode ferjeavløysingsprosjekt kan realiserast. Verktøya for ferjeavløysing må oppretthaldast og styrkast, mellom anna ved å legge til rette for betre og føreseielege finansieringsmekanismar.

 

Sjøfart:

Sogn og Fjordane Senterparti krev at Stad Skipstunnel vert igangsett slik som føresett i gjeldande Nasjonal Transportplan og at dette vert følgt opp i komande NTP.  Vi  krev også  at det no kjem midlar til Bremanger fiskerihamn og Måløy fiskerihamn som ligg inne i gjeldande NTP

 

Overgang til nullutslepp på ferjer og hurtigbåtar må finansierast fullt ut av staten. I dag vert desse kostnadane lempa over på innbyggjarane i form av auka billettprisar. Båt og ferjer er Vestlandet si «jernbane», Staten må kompensere fylka slik at kostnadane med det grøne skiftet vert rettferdig fordelte i Noreg.

 

Flyplassar:

Senterpartiet meiner det regionale lufthamnene er ein del av det nasjonale lufthamn-nettet, og er eit viktig  kollektivtilbodet i distrikta. Rutetilbodet ved lufthamnene våre må oppretthaldast, og det må leggast til rette for elektrifisering og utvikling av nye miljøvennlege fly. Senterpartiet krev at kortbanenettet i Sogn og Fjordane vert pilot for elektrifisering av luftfarten.

 

Breiband:

Breiband er ein grunnleggande infrastruktur for både privat næringsliv, enkeltmenneske og ikkje minst for effektive offentlege tenester. Det er eit svært viktig kommunikasjonsmiddel for å nå mål både om likeverdige teneste, busetting og næringsliv i heile landet og betre å kunne nå klimamåla. Neste generasjon breiband er teknologinøytralt, og som hovudregel definert som minimum 100 mbps for både nedlasting og opplasting. Stortinget må finansiere utbygging i område der marknaden ikkje fungerer.

 

 

Senterpartiet i Sogn og Fjordane

Sigurd Reksnes

-fylkesleiar-