Meny

Kvifor går eigentleg Sogn og Fjordane som det susar?

Korleis kan landet sine beste skuleresultat, lavt fråfall i vgs, lav arbeidsledigheit og lavt sjukefråvær, vera eit argument for at sitjande regjering skal få halde fram? Dette er vel strengt tatt ikkje noko nytt, eller noko som har skjedd dei siste fire åra?

Det er difor også merkeleg at ein av valkampen sine vedtekne sanningar her i fylket er at dette er den blåblå regjeringa si forteneste.

Sogn og fjordane har over lang tid vore mellom dei beste skulane i landet og vi har lenge hatt lavt fråfall frå våre skular. Sogn og fjordane har også over lang tid vore i rett ende av statistikkane over sjukefråvær og lav arbeidsledigheit har vi hatt i lang, lang tid.

Framsynte politikarar, på tvers av partigrenser, i kommunestyrer og på fylkestinget, har gjennom vedtak prioritert desse områda i sine budsjett. På same måte som at næringslivet i fylket vårt har vore særs stabilt, styrt av kloke leiarar med lokal forankring.

 Politikarane i Sogn og fjordane har i alle år gjort det dei meinar er rett og naudsynt. Og dette har dei gjort basert på våre utfordringar og våre lokale behov.

 Fylket vårt treng sentrale politikarar som snakkar opp desse kvalitetene og som har tru på at ein også i framtida vil vere kompetent nok til å byggje fylket vidare. 

 

Difor treng vi eit regjeringsskifte.

 

Sp-ordførarane i Sogn og Fjordane;

Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal

Olav Turvoll, ordførar i Vik

Hallvard Oppedal, ordførar i Gulen

Gunn Åmdal Mongstad, Ordførar i Solund

Morten Askvik, ordførar i Hyllestad

Ivar Kvalen, Ordførar i Luster

Oddmund Klakegg, ordførar i Jølster

Leidulf Gloppestad, ordførar i Gloppen