Meny
My Post (6)

Ein varsla lærarmangel

Norge har allereie ein betydelig lærarmangel. Senterpartiet frykter at dette problemet vil auke i åra som kjem, basert på tre vedtak som regjeringspartia har gjort. Disse vedtaka er ille nok kvar for seg, men i sum kan dei bli eksplosive. Senterpartiet krev at lærarar får tilbake tid og tillit til å gjere det dei aller mest vil; bidra til læring hjå elevane.

I dag manglar det tusenvis av kvalifiserte lærarar i skolen. Mangelen på lærarar er størst i grunnskulen og i distrikts-Norge. I Nord-Norge har ein i enkelte kommunar opp til 20 % ufaglærte i undervisninga i grunnskulen. Og andelen ukvalifiserte har auka under Solberg-regjeringa.

Punkt ein: Krav om 4 i matematikk for å kome inn på lærarutdanninga har hittil ført til mange tomme studieplasser på lærarutdanningane. I åra framover er det grunn til å tru at kravet vil stenge endå fleire motiverte søkjarar ute frå lærarutdanninga, sjølv om dei har toppkarakter i faget dei ynskjer å undervise i – til dømes musikk, naturfag eller norsk.

Punkt to: Endring frå fireårig utdanning til femårig mastergrad for lærarar vil føre til at det i 2021 ikkje vil bli uteksaminert lærarar, fordi utdanninga forlengast. Dermed skyv ein andelen ferdig utdanna lærarar eit år fram i tid.

Punkt tre: Innføring av kompetansekrav for lærarar med tilbakeverkande kraft, har ført til at tusenvis av lærarar ikkje er kvalifiserte frå 2025. Det må forventast at fleire av desse anten vil gå ut av læraryrket eller pensjonere seg tidlegere enn dei elles ville ha gjort. Med andre ord, vi risikerer å tape verdifulle lærarressursar, på grunn av eit stivbeint og uklokt krav om tilbakeverkande kraft.

Summen av desse tre tiltaka kan ikkje kallast noko anna enn ein varsla krise. I staden for å vurdere konsekvensane og justere kursen, vel regjeringa full fart inn i lærarmangelen. Ein trenger ikkje 4 i matematikk for å forstå at resultatet blir ein større del ufaglærte i skula enn i dag, og eit langt større skilje mellom dei delar av landet som har nok kvalifiserte lærarar og dei som ikkje har det.

Senterpartiet ynskjer inntak til lærarutdanning basert på eit snitt av karakterar i alle fag. Vi ønsker oss kompetansekrav for lærarar, men ikkje med ei tilbakeverkande kraft som fjernar mange erfarne lærarar frå skulen. Senterpartiet ynskjer auka lærartettleik særleg på 1.-4. trinn, men vi må utgreie og planleggje tiltak for å oppnå dette, slik at dei verkar. Framfor alt ynskjer vi oss ein ny regjering med Senterpartiet i, som tek tak i lærarmangelen og lærarane sin kvardag med det alvor det fortener. For elevane sitt ve og vel, må lærarane få meir tid og tillit til å gjere jobben sin.

 

Erling Sande, Stortingskandidat for Senterpartiet

Marit Knutsdatter Strand, Utdanningspolitisk talsperson for Senterpartiet